Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Brenn aldri grønt gras

Dei gamle i gauldalsbygdene var sers nøye med levande, grøne planter. Det var eit slag tradisjonsbunde ærefrykt for det levande som gav seg utslag.

Mange truer knytte seg til det grøne graset.

I Singsås, Støren, Budal, Soknedal og Horg sa dei:
– ”Du må itt brenn grønt for da bi kyn dine sårspånnå.”

I Glåmos, Brekken, Røros landsokn og i Røros sa dei:
– ”Brenne du grønt gras da dør kua di.”

I gammal tid tok dei også meir vare på alle ting. Høystråa og grasstråa vart samla sers nøye. Aldri vart gras eller høy brent.. I slåttonna ville dei ha med alle stråa langs vegkantar, steinar og trelegger. Det dei ikkje fekk tak i med ljåen tok slåttekarane med tollekniven. Dette var vanleg i heile Gauldal og i bygdene kring Røros.

Kring stakkar og løer vart det også pussa godt opp både ved høyinga om sommaren og seinare om vinteren når karane var på marka etter høylass. Høet var livberging for buskapen. Og buskapen gav mat til folket.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *