Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

 

Brennevin og gaudaost

Under 1. verdskrigen var det sers vanskeleg med mjøl og brød. Rasjonane var heller små og det mjølet dei fekk vart kalla Landsmjøl. Brødet av dette var så grovt og det hang mest ikkje ihop.

Rasjonen av kaffe var også snau. Men brennevin var det lett å få kjøpt. Noko heimbrent slang det også. Like eins var det lett å få tak i ost. Gaudaosten vart populær i desse åra.

På ein gard i Soknedal var morgonmaten:

Ein stor dram og to tjukke skiver gaudaost attåt.

Godt både for kropp og sjæl, sa han som fortalde om kosthaldet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *