Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

 

Brennevinsbrenning

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

I gammaltida hadde folk lov til å brenna brennevin mot ei fast avgift pr. potte. På garden Haukdal, Sørstua hadde også mannen lov til å brenna eit fastset tal potter, men ein veit at i siste åra det var lovleg, gjekk brenninga for seg i Pålsplassen. Det var ein husmannsplass under garden og husmannen var sers dugande. Det kom folk langveges ifrå og kjøpte eller bytta åt seg brennevin av han.

På kroningsferda si tok Carl den 15. inn i Støren prestegard og da kom det folk frå følgjet til kongen og tok med seg alt det brennevinet husmannen i Pålsplassen hadde på lager. Han fekk godt betalt, og han snakka mykje om den gangen han skaffa brennevin til sjølveste kongen. Det var noko å leva av og på.

Det var eit framifrå godt apparat i plassen. Til å ha satsen i var det ein stor kopparkjel. Apparatet hadde hørt til nede i garden. Sørstumannen og husmannen var sams om sats og apparat.

Men det kom forbod mot å brenna brennevin hjå private. Alle apparater skulle leverast inn. I Pålsplassen fann dei ingen ting. Alt var søkkt borte. Pålsplassen er også borte – fråflytta og nedlagt. Ein gammal husmann som heitte Johannes sa alltid når dei kom fram til hustuftene i Pålsplassen i skårgangen om sommaren:

–    ”Ja, i di her eldhusa ha det rett vørre tåbrent mang i pott godt brennvin.”

Segna veit å fortelja at den store kopparkjelen og det andre utstyret står gjømt «sømed bakkøm i Helvetesbergjøm».

Det er leita mykje der, men ingen har sett snerten av det store brennevinsapparatet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *