Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

BRENNEVINSKIERRINGA

I den tida Hægebostad, Fjotland og Eiken var eitt prestekall hadde presten lang og tung veg når han skulle over heia til Fjotland. Serleg var det mødesamt om vinteren. Men når prestefar var god til å gå på ski, så var det likevel ikkje så farleg. Ein prest nytta oftast eit langt og eit stutt ski, og kom godt fram. Ein gong var han i følgje med nokre bønder over heia. Det var mykje snø, og då dei kom til Nordheida, var dei trøtte alle saman. – Nå vil eg sjå om ikkje brennevinskjerringa kan skjenka, sa presten og gjekk ein liten omveg. Straks etter kom han att med ei brennevinsflaske som han hadde lagt ned attmed ein stein. Han tok så først ein god «slurk» og gav så flaska til bøndene.

Steinen heiter den dag i dag «Brennevinskjerringa».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *