Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Brudeferd på Kvamme

Der dei måtte ro eller sigle til kyrkje brukte dei jamnast ein sekringsbåt.

Det var fast tru at dei måtte ikkje ro framatt i land når dei fyrst hadde skuva båten frå land. Gjorde dei det, so kom det til å hende eitkvart ilt.

På Kvamme i Kjøspollen, Selja, var der ein gong eit brudefylgje som skulde til kyrkja. Dei hadde skuva frå land; men so var der ein som hadde gløymt noko i naustet. Dei hamla upp i støa att. Bruda ropte dei måtte’kje gjere det.

«Det kjem tu’ å hende oss ei ulykke!» skreik ho.

Men karane berre lo, dei ansa ikkje kjerringprat. Alt gjekk vel til dei skulde heimatt. Då tok brudgomen til å blø naseblod so svært. Han blødde heile brudlaupsdagen og var kruslen lenge etter.

«No kan de sjå!» sa kjerringane; «de kunde lyde bruda, sa hadde det ikkje gått so gale.»

Hilmar Kvamme. Vanylven 1938

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *