Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

BRUDETJUVEN

Sigmund Tveiten frå Eiken var glad i ei drusteleg og ven jente frå Å sokn. Ho ville gjerne ha Sigmund, men foreldra nøydde ho til å ta ein annan. Dette gjekk hardt inn på Sigmund, og han visste ikkje si arme råd. Jenta laut han ha; han kunne ikkje leva utan henne.

Dagen før ho skulle stå brud, skodde han «Blåen» og la skorne bak fram. Så rei han til bryllaupsstova.

Då han kom dit, stod bryllaupsfolket i tunet og skulle til kyrkja. Sigmund rei fram på «Blåen» og ropte:

– Eg hev gangar som to. Kom lat meg skyssa brura!

Det fekk han lov til, og så bar det avstad som ville fuglen. Dei andre greidde ikkje følgja på langt nær. Og då brudgomen og følgjet kom til kyrkja, var det inga brud å sjå. Folk dreiv helst ap med brudgomen, men skulle liksom leita etter
brudetjuven. Dei fann faret, men det gjekk beinast til bryllaupsgarden.

– Du skal sjå Sigmund hev vore til presten med brura, og sit no og godnar seg i bryllaupsstova, var det ein skjemtegauk som sa.

Men Sigmund var nok ikkje i bryllausgarden. Nede i Lyngdal hadde brura lagt frå seg brudestasen og ride med Sigmund heim til Tveiten, og der blei ho verande all sin dag. Om dagane gøymde ho seg ofte under «Brurheddaren», dei kallar.

Sigmund var ein rik og velhalden mann, og alle som ein undrast på at han ikkje gifta seg og kjøpte kyr og sauer og levde som andre folk. Og det vanka mange fagre ungdroser i tunet på Tveiten; men Sigmund ansa dei ikkje.

Ein dag sette han seg til å arbeida klavar. Folk trudde han var rar av seg. Kva skulle han med klavar han som ikkje hadde kyr? Men Sigmund tykte det kunne vera det same for folk kva han skulle bruke klavane til. Det var ikkje dei han ville klava.

Ei natt gjekk han heim på garden til far åt jenta og røva halve buskapen.
Då faren kom i floren om morgonen og fekk sjå at stuten ikkje var teken, sa han:

– Sigmund er ein rettvis mann. Kyrne kunne han krevja og stuten med, for kona hans er den eldste av dei to døtrene mine. Mannen hadde ingen søner.

Tida gjekk, og det var få som rett visste korleis dei hadde det der heime på Tveiten.

Ein dag nokre år etter Sigmund hadde fenge seg kyr på båsen, kjem tenestguten inn og seier at det gjeng ein gammel kvithærd mann nede i jordet. Sigmund undrast, men sende guten ned og bad framandkaren sjå inn i hus. Gamlingen helsa vyrdsleg på Sigmund og sa han var far til kona hans. Både Sigmund og kona tok vel imot han, og han blei verande hos dei ei lang tid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *