Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Brudlaupsskikkar i Flå

Brudlaupsskikkane i Flå var onnorleis før enn no, og dei var noko anleis enn skikkane i dei Øvre bygdar i dalen. Dei næraste skyldfolki og gjester langveges frå kom til vanleg kvelden fyre brudlaupsdagen, men dei fleste gjestene kom ut på morgonen brudlaupsdagen. Ute på tunet stod det ein kar og løyste eit skot for kvar gjest som kom. Tvo spelemenn stod på trappi og spela på fele heile tidi medan gjestene kom. Fyretalsmannen – den fremste av dei tvo kjøkmeistrane, slo i og skjenkte gjestene brennevin etter kvart dei kom, og so vart dei synte inn i brudlaupsstugu. Her stod brud og brudgom ved framskåpet og tok mot gjestene og synte dei til sætes. Då alle var komne, bar det til bords. Brudeparet sat i høgsætet. Med det same dei sette seg vart det løyst eit skot ute på gardstunet.

Karane sat på krakken framfyre bordet, kvinnone i benken upp-med veggen. Brudemenn og brudekonor sat nærast brudeparet. Fyrst skjenkte fyretalsmannen alle ved bordet, so heldt han ein tale med gudeleg svip um brudeparet sine dygder og enda med å ynskja brud og brudgom til lukka.

No bar det til kyrkjes. Anten reid brudeferdi på hesteryggen eller rodde dei i båt — det var berre kløvveg gjenom dalen på desse tider. Frå garden Ve, som ligg nærast kyrkja, gjekk brudlaupslyden til kyrkja. Fyre gjekk dei tvo spelemenn som spela ein marsj, so fyretalsmannen, etter han brudgomen, so bruri med ein brursvein på kvar side, so fylgde brudemennane, brudkonone, brudesveinar og brudegjentor og so brudlaupslyden med rang etter ætt og velstand.

Spelemennane vart ståande ved kyrkjegardsporten og spela til vigsla inne i kyrkja tok til.

Etter vigsla var brudlaupslyden inne på garden Ve og vart traktert og so bar det heim til brudlaupsgarden. Den eine kjøkmeistaren hadde vore att heime og tok mot brudlaupslyden. Med det same brudeferdi svinga inn på tunet vart det løyst eit skot, so gjekk kjøkmeistaren rundt og skjenkte alle varmt øl med brennevin i. Og so tok fyretalsman¬nen og kjøkmeistaren til å tinge og prute. Fyretalsmannen bad um herberge for brudlaupslyden, men kjøkmeistaren kom med innvendingar — det var for trongvort på garden, det kom for mange gjester, ein kunde ikkje vita kva for slag folk dette var o. s. b. Mangt anna vart ogso sagt, og dersom båe hadde kjeften på skafte, kunde det bli både morosamt og langvarugt, so brudlaupslyden tok til å fryse, dersom det var vinters dag. Endeleg gav kjøkmeistaren etter, gav lyden husvære og song dette verset:

«Velsignet være du av Herren din Gud,
for din store skjænk og ære,
imens du er så sildig ud’
hos os at herbergere.
Thi stalden er rede for dine kamel’,
og plads for folket er skikket vel,
slet intet eder skal feile».

Kjøkmeistaren leidde so bruri, mor hennar og brudgomen burt til høgsætet, og gjestene fylgde etter til bords.

Då alle hadde ete og drukke so dei var nøgde, men før dei tok til med dansen, skulde brudegjentone sjå til å lure til seg eller stela ein eller båe skorne til bruri og so få på henne laddar eller anna retteleg løgje fotty. Då ho so kom fram på dansar-golvet, vart det moro kan ein vita.

Men so var det brudeseveinane si uppgåve å passe på bruri, so brudegjentone ikkje fekk tak i skorne. Jamt var brudesveinane so fyretenkte at dei hade med eit par skor i lumma, på varastyre, som bruri fekk på seg i staden for dei stolne, og då hadde brudegjentone ikkje noko for bryet.

Dansen tok til med at brudgomen dansa med bruri, der etter dansa brudemennene med henne, so brudesveinane og sea alle karane etter tur. Det vart dansa halling og springdans. Ingen måtte svinge over hovudet eller brudesylvet til bruri, for dette førde til ulukka.

Brudekruna var tung, difor vart det spela berre støe danseslåttar so lenge bruri var på dansargolvet. Då alle karane hadde dansa med bruri, dansa brudekonone henne av golvet og fylgde henne i kleven. So snart ein var kvitt bruri på dansargolvet kom ungdomen i hui og hast fram på golvet og dansa mest heile natti.

Då bruri dansa gav alle andre spelepeng’ som dei smetta ned i fela.

Andre brudlaupsdagen var bruri kledd som kone. Fyrst skulde brur og brudgom skjenkja alle gjestene ein brennevinsdram. Dei skjenkte um kapp, den som vart fyrst ferdig, skulde seinare i livet bli snøggast ferdig med arbeidet sitt. Når dette var frå-seg-gjort skulde bruri duka på bordet. Ho sette seg i høgsætet, tok bordduken, bretta han i ein trikant, las Fadervår stille, for seg sjølv, og la duken varsamt på bordet, rista ho han mykje fekk ho store sorger. No gjekk heile brudefylgje til kokehuset og henta maten. Spelemennane gjekk fyre, so kom brudgomen med eit fat, der etter bruri, brudemenn og brudekonor, brudesveinar og brudegjentor — kvar med sitt fat, so langt det rakk.

Då alle var sessa til bords, vart det sett skåler fram på bordet og i desse skålene la gjestene brudegåvor, pengar. Dette kalla dei skjenkelag. Dette å gi i skåli — skjenkelag — var den av dei gamle skikkane som fyrst vart avleggs — det er umlag 80 år sea denne skikken var i bruk.

Den trea brudlaupsdagen skulde alle gjestene på stabben.

Det vart ropt upp par for par — allstøtt ein kar og eit kvende, og dei vart sette på kvar sin stol. Medan dei sat der vart dei skjenkte øl og dram, og so måtte dei danse. Medan dei sat på stabben skurra spelemennane slik på felone at det skar i øyro, og felone skalv. Alle, både unge og gamle måtte på stabben.

Det var fyretalsmannen som stod for uppropet. Når ein kom til ungdomen galdt det å styre det slik at det vart so høvelege lag som råd var; var det aldri so lite millom ein gut og ei gjente vart desse jamt sessa saman på stabben. På dette vis sa laget dei: «Me veit det nok ! me veit det nok !»

Dei gamle brudlaupi vara minst tri dagar — jamt vika til endes. Bruri hadde sylvkrune, sylvbeltor og mange sylgjor av sylv. Ein lånte bruresylv frå Buøyn eller Ringnes — og det hende — frå Sigdal. Brudestasen var den same i Flå og Nes og fleire bygder. Ein gav ein dalar i leige for «eit sylv» d. e. full brudestas.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *