Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Bryllaup – Bryllaupsdagane

Det var kjømeisteren som ordna med det heile. Han tok imot gjestene når dei kom til gards, bad til bords og stelte, so alt gjekk greidt frå hand. Næst honom kom so fergongskonone, og deretter fergongskarane og fergongsgjentone som varta upp ved bordet.

Dei brukte ikkje brurkrune, og ikkje slør heller i den fyrste tida. Men var det ei kvinne som var «lite grann netthent», so måtte ho hjelpa til med å pynta brura. For brura skulde ha blomster i håret, ofte vart det tillaga som ei krune av blomster. Sume hadde blomsterne samanbundne i ein krans; men det var elles meir sjeldan.

Bryllaupsdagen kom gjestene til gards so klokka ti—elleve. Då sat «brurfolket» (brur og brugom) midt for inngangsdøra med dei næraste skyldfolka attmed, ordna etter skyldskap. Straks gjestene kom inn, var det skjenk — det var ein dram. Ein av fergongskarane bar rundt eit brett med to glass som han skjenkte i. Det var soleis to som fekk skjenk samtidig, og når dei var ferdige, kom turen til dei næste to. Soleis gjekk det «unda for unda». Det var ikkje den tid som no. Då drakk alle av same glaset og åt av same fatet.

So bars det til kyrkja, når den tida kom. Fyrst heldt då kjømeisteren ein lang tale til brurfolket og ynskte dei lukke på ferda. So vart dei «utspelt». Spelmennene stelte seg upp i døra og spela når brurfolket gjekk ut. (Ein annan stad heitte det: Når brurfolket gjekk ut gjenom døra, spela spelmennene upp ein marsj og fylgde dei eit stykke på veg.)

I brurferda var det fyrst to «førririera» (fyreridarar). Som namnet segjer reid dei fyrst. Ofte kunde dei rida eit stykke i fyrevegen, snudde so hestane heilt um og stod og venta til dei andre kom etter. Når brugomen var militær, sat han og til hest, og då hadde han ofte ein mann til hest ved sida si. Etter kom so brura køyrande, foreldra deira og alle dei andre ordna etter skyldskap og rang.

Etter brurvigsla køyrde dei so heim med fyreridarane fyre. Korleis det då gjekk til, vart ein stad skildra på denne måten: Komne til gards snudde fyreridarane hestane heilt um og stelte seg upp ved inngangsdøra, og der stod dei til brurfolket og dei fyrste i fylgjet hadde gått inn. Og spelmennene stelte seg upp i døra og «spelt inn brufølkje». Kring 1850 slutta dei elles med «utspelinga» og «innspelinga» i dei grendene der han kjende til skikkane.

Ein annan stad vart det fortalt slik: Når dei fór heim etter brurvigsla, skulde fyreridarane skunda seg fyre dei andre, so dei rakk å smaka på sodet, fyrr dei andre kom fram til gards. Ein gong hende det at ein eldre mann reid so fort at hesten fór inn gjenom bislaget og bislaget reiv mannen av attover hesten.

Ein tridje stad heitte det: Når dei kom att frå kyrkja, møtte spelmennene dei eit stykke burtanfor husa og fylgde dei til gards og inn i huset, og dei stod og spela til dei fleste gjestene var innkomne.

Straks brurferda kom heim frå kyrkja, skulde brugomen springa fram og løyses brystreima åt hesten. Då skulde brura få lettare barnseng.

Det vart fortalt um ein mann på um lag 70 år som gifte seg med ei noko nær jamgamal kvinne, at då dei kom heim frå kyrkja, var han so snar til å springa fram og Tøysa brystreima på hesten.

Brugomen skulde ogso ut til kokkane og få noko godt tu ausa.

Når dei vel var heimkomne frå kyrkja, bars det til bords. Kjømeisteren bad gjestene til bords og ordna dei etter skyldskap og rang der og. Det har vore ei herming etter ein gamal kjømeister:

«Nu må di vårrå så god og jørrå så vel å set dokk boltåt boli og smør dokk på i kakskiv.»

Matborda stod utmed veggene, og millom bordet og veggen sat då kvinnfolka. Mannfolka sat framfor bordet. Og på bordet var dei store smørrullane uppstelte med ost av ymse slag.

Etter at kjømeisteren hadde lese bordbøna, vart «kaka» send rundt. Etter «kaka» (smørbrødet) var det so fisk og sidan kjøt. I dei tidene kokte dei helst fisken. Det var i seinare tid dei byrja bruka ymse retter tillaga av fisk.

Til maten var det mykje «drikkanes vara». Øl hadde dei i store mengder, og til kvar rett var det ein dram. Folk vart difor snart lystige, og dei prata og skråla, so det var mang ein gong eit fælt leven. Det var ikkje vandt um at sume byrja bli fulle alt då.

Når dei so var ferdige med maten, trampa kjømeisteren tri gonger i golvet. «Me telladels,» ropte han, og då vart det merkeleg nok straks aldeles stilt i stova. «Det er brurfolkets ønske at di skal ikkje reisa heim straks, men vera her hos oss ei stund; for det er enno mykje i kaggane i kjellaren og mykje mat i staburet, so det skal enno bli eit mål mat å få.» So las han bord-bøna, og folk reiste seg frå bordet.

Slik gjorde kjømeisteren for kvart mål. Han kunde ikkje lova ut meir enn for eitt mål i gongen.

Etter maten skulde det vera kaffi, og so vart det toddy. So gjekk kjømeisteren rundt med ei skål og tok imot gåvone. Då måtte han gå åt deim etter rang og skyldskap, og det var ingen som godviljugt vilde gi fyrst. Det var pengar dei gav. Når mann og kone var til stades båe to, gav dei sjeldan mindre enn seks ort, men oftast meir, etter som dei hadde råd til det — to speisidaler, tri, fem eller ti speisidaler når det var nokon som hadde god råd.

Når so alle hadde gjeve som dei syntes dei hadde råd til det, gjekk kjømeisteren fram for brurfolket og sa: «Jeg har at hilse brudeparet fra velaktede gårdmann og kone — at de har vært snild og besøkt oss i kveld og forærer brudeparet en gave på — speisidaler, — jeg har ogso at hilse fra — —»

Seinare vart det elles slutt med denne skikken å lesa upp høgt for alle saman kor mykje kvar einskild hadde gjeve. For det var ikkje alltid so hyggjeleg for deim som hadde lita råd.

Etter at gåvone var gjevne, byrja dansen. Fyrste dansen skulde brurfolket dansa åleine. Kunde ikkje brugomen dansa, skulde han ta ut ein mann til å dansa fyrste dansen med brura, og då var det berre dei to på golvet. Dei næste dansane var det snart den eine, snart den andre som dansa med brura; men berre det eine paret var på golvet då og. Anten sa då brugomen fyre kven som skulde dansa med brura, eller det kom ein eller annan av seg sjøl og baud ho upp. Etter at brura soleis, hadde dansa dei fyrste dansane, kom det seinare fleire på golvet, og snart dansa dei alle saman.

So skulde spelmennene ha spelpengar. Dei som dansa, skulde då «sitti på stabba» (sitja på stabben). Det sette seg eit par på kvar stol langs veggen, mannen eller guten på stolen og kona eller gjenta på fanget hans. Se fekk dei skjenk medan dei sat der, og var so uppe og dansa. Men berre dei som hadde «sitti på stabba», var med og dansa då. Etter dansen gav dei so spelpengar. So var det ei ny rekkje som «sat på stabba», fekk skjenk, dansa og gav spelpengar. Slik heldt dei på til alle hadde vore framme. Vart det for lite pengar på denne måten, la brurfolket til høveleg med pengar, so spelmen-nene fekk løn for arbeidet sitt.

Andre dagen skulde brurgrauten vera. Men det var ikkje brura sjøl som koka han. Når dei åt brurgrauten, passa sume på kven som tok fyrste grautbiten, for han skulde døy fyrst. Lite var det folk som passa på og skaut med det same brura tok den fyrste grautbiten.

Er maten skryp i bryllaupet, skal det bli dårleg med brurfolket.

Er det «åvvåbol (nedbør) i bryllaupet, vert brurfolket rikt. Men er det vind, bles rikdomen burt.

Blir det noko uheld med køyringa i brurferda, skal brurfolket bli uheldigt i livet.

Blir det eit «sleppstykke» i brurferda, skal det bli lenge til det atter kjem nokor brurferd i same slekta.

Når ein hest kneggjar i brurferda, skal ikkje brurfolket bli langliva.

I gamle dagar då dei enno ikkje hadde lampar, men berre ljos på bryllaupsbordet, var det eit fælt dårleg varsel um nokon av ljosa slokna. Då han Per Ganessåm (Per Garnes) hadde bryllaup, slokna fire ljos framfor brurfolket. Men so vart ogso fire av deim som var med i bryllaupet, og millom deim brugomen sjøl, myrda nokre år etterpå (Mordet på Garnes).

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *