Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Bryllaup – Fyrebuingar


Helst vilde dei «tu’r brøllåp» i «håbållen» (håbålla er tida millom våronn og slåttonn); for då hadde dei best tid. Og då var det mildt i veret og ljost um natta, so det var greidast med husromet.

Bryllaup måtte dei helst ha på torsdag eller fredag etter kor lenge dei vilde halda på. Folk som det var fælt smått for, kunde til og med bli vigde på ein sundag straks etter messa. Skulde det vera retteleg storbryllaup, byrja dei jamvel tirsdag og heldt på vika ut.

Ein annan stad heitte det:

Bryllaup måtte dei helst ha på tirsdag eller torsdag. Dei som heldt sume dagar i vika for å vera udøgnsdagar, vilde ikkje ha bryllaup på ein udøgnsdag:

So ein åtte dagar fyreåt gjekk ein mann rundt og bad «te brøllåfs». I den fyrste tida som forteljaren kunde hugsa (kring 1850), var «brøllåfsbearen» ein eldre mann som gjekk rundt og bad folk etter minnet utan nokor liste der namna på dei inn-bedne var uppskrivne.

Når bryllaupsbedaren kom dit han skulde, gjekk han inn og vart ståande nede ved døra med hattan i handa. Um dei bad han setja seg, so vart han ståande til han hadde bore fram ærendet sitt. So kunde han setja seg, og då skulde han ha skjenk. Det var då fyrst og fremst ein dram han fekk, for kaffe var det enno lite av, og annan skjenk hadde dei ikkje.

Slik gjekk han frå gard til gard. Seinare laga dei ei namneliste som bryllaupsbedaren fekk med seg. Der var namna på dei innbedne uppskrivne, og bedaren hadde å fylgja lista. Då vart det mykje greidare, og yngre folk kunde «gå med listen». Men so gjekk det heller ikkje so høgtideleg for seg lenger. Berre den skikken heldt seg at bryllaupsbedaren skulde ha noko godt der han kom.

Ein annan mann fortalde det på denne måten:

Det var kjømeisteren som stod fyre alt stellet i bryllaupet. So ein åtte dagar fyreåt gjekk han då rundt til gjestene og bad dei til bryllaups. Um ein gamal kjømeister kunde han hugsa at når han kom og skulde «be te brøllåfs», gjekk han fyrst rundt og handhelsa på alle som var inne (um han handhelsa på tenarane kunde han ikkje hugsa), og so gjekk han red til døra att. Um dei bad han sitja ned, vart han ståande. So sa han fram ærendet. «Jeg har den kjærlige hilsen til husets forældre, børn og tjenere fra velaktede ungkar — — og velaktede pige — at de akter at indtræde i den hellige ektestand, og har den ære at be eder komme til bryllupshuset — — dag og derfra følge dem til kirken og overvære deres ektevielse og trolovelse og siden følge med tilbake til bryllupshuset og .» Då han var ferdig med denne leksa, drog han upp lummetørklædet og turka sveiten av seg. So sette han seg og fekk skjenk.

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *