Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Bryllaup – Senningskvelden

Når bryllaupsbedaren hadde vore så tidleg ute, so var det for å gjera det lettare for folk å ordna seg med arbeidet og med bryllaupsgåvone og senningane.

Dei brukte alltid «senninga» (sendingar) til bryllaupa. Det var kvelden fyre bryllaupsdagen som var kalla «senningskvelden». Og dei brukte svære sendingar. Ei sirupskake og ei kveitekake måtte det vera, og dei skulde vera både store og tunge. So kunde det vera ein stor smørrull og ein ost. Ofte var smøret lagt i eit fat og fint utkrota.

Ein annan stad vart det fortalt slik:

Kvelden fyre bryllaupsdagen var senningskvelden. Då skulde store smørrullar, ost, kjøt og fisk og ei stor kake leveras frå kvar gard som var beden. Ute på bygda steika dei oftast kaka sjøl, det fyrste han kunde minnas. Kakone var runde og ein 5-6 desimeter i tverrmål og ein 8-9 sentimeter tjukke.

Det var tenarane som skulde «gå me senningåm», oftast tausa. Men so tungt var det å bera at når det var eit stykke å gå, måtte ho ha hjelp. Og var det noko lenger undan, måtte drengen vera med og skyssa. Tenarane likte ellers godt å «gå me senningåm», for dei fekk mykje mat og drykk um kvelden, og um natta dansa dei.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *