Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Bryllupet i trollheimen

Vest i Lofoten er det eit fjell heite Ballstadfrua. Øvste tinden på fjellet har formasjon som eit kvinneandlet. Segna fortel om denne steinfrua:

I Ballstadfjellet budde møya. Ho drog på åra og hadde hug å gifte seg. Ein dag gjekk ho til Ballstad. Ho ville råke karfolka der. Men det var ingen der som fria åt ho. Så tok ho seg ein tur opp i Ballstadfjellet. Då såg ho det rauk av Himmeltindan. Ho la i veg. Det kunne vere von om gifte der. Ho møtte Mannen i Himmeltindan. Stor og svær og staseleg å sjå til. Ho bar fram målemnet sitt og fekk blankt avslag. Dette hadde ho kje venta. Ho tok til å gråte. Av tåreflaumen vart det mange vatn.

Farstadvatnet,
Vikvatnet,
Mørkedalsvatnet,
Reppevatnet,
Skuldbruvatnet,
Himmelsteinvatnet,
Klevatnet,
Svarthammarvatnet,
Valsetvatnet,
Gundervatnet,
Storeidvatnet,
Skottnesvatnet og
Kyllingdalsvatnet.

Ja, det var tåreflaum.

Ballstadmøya gav seg ikkje med det. Neste året får ho ut på friing att. Så var ho kome til godt resultat. Ho skulle halde bryllaup. Ho ville då ha ei dugleg brursteik. Strauk så innetter bygda og stal ei vakker jenta med seg. Jenta var trulova. Då kjærasten hennes fekk vite om tilburden, la han til fjells. Jenta hans var innestengd, og gamla var ute og bad til bryllup. Det var ei stor jarndør framfor stabburet der jenta sat. Han ropte inn. Ho svara. Braut han så døra frå, og begge la dei til beins så fort dei kunne. Innover fjellheia sprang dei. Så kom gamla heim. Brursteika var vekk. Ho leite all stad for å finne brursteika men fann ho ikkje. I dette hosjet heiv ho brurstolen og steikpanna ut. Så fekk ho sjå dei som rømde innetter heia. Sinne seig på ho. Då treiv ho etter ein fjellknatt og braut og braut, men fekk han ikkje laus. Så sprang ho inn i fjøset og tok den største stuten, la seler på han og bandt han fast til fjellet.
bryllupet_i_trollheimen_side_0096.jpg


Illustrasjonstegning av Karl Erik Harr

Ho meinte å køyre oksen slik at han sleit av heile Bokksneset — og då vart dei att der på øya. Det slitna noko i Storeidet og Litjeidet. Men meire vann ikkje oksen. Då vart gamla arg. Ho slo til oksen så haue fauk. No la ho sjølv i veg etter brursteika. Då Mannen i Himmeltindan såg at ho kom — tenkte han ho kom på ny friingstokt. Han vart arg og la ei stor pil på bogen og skaut. Men no kom sola opp og alle vart til stein. Pila gjekk til Hemmergården. Både brurstolen, steikfatet og okshaue vart til stein og ligg der den dag i dag. Blodflekkene etter oksen kan ein ennu sjå i berga vestover mot Nålsundet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *