Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Svein i Ur'n

Budeigjenta som vilde koke seg rjomegraut

(Svein i Ur'n talar um gamletidi)


I gamle dagar var dei svært varsame med å susle burt mjølk og rjome på stølen, so det vart mindre med budrått. Ein gong var det ei tenestgjente som var på stølen og stelte føreløten, slik som vanleg var i Slidre. So kom ho på ein dag at ho vilde koke seg rjomegraut. Med ho stridde og kokte som likast, sa ho høgt ved seg sjølv:

«Dette ska baka fenta inna-i, de!»

Men no var husbonden hennar nett komen på stølen. Han stod uta selsveggen og høyrde kva ho dreiv med, og kva ho sa. Ei sinnafræne tok han. Han rende inn til gjenta og sa:

”Baka dette de inna-i, ska e baka de utapå!”

Dermed jula han dugeleg på ho. Det vart solois liten hugnad med denne smurde biten den dagen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.