Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

BUKKEN I KYRKJA

Det var komen inn ein bukk i Eiken kyrkje midt på natta og heldt eit synde leven. Folk henta presten, for dei trudde det var den vonde sjølv som var der og ikkje slapp ut att. Presten kom med bibelen i den eine handa og eit ljos i den andre og skulle lesa den vonde ut av kyrkja. Han trivla seg inn til altar-ringen der bukken stod og trippa, og heldt ljoset framfor han og ropte:

«Vig Satan for mit lys!»

Men bukken bles i nasene og sløkte ljoset. Presten tende att og ropa:

«Vig Satan for mit Lys!»

Då trampa bukken i tilet og bles i nasa så ljoset slokna og presten skalv. Så tende presten ljoset tredje gongen og heldt det framfor bukken og ropte så det sang i veggane:

«Vig Satan for mit Lys!»

Men då hoppte bukken over altar-ringen og stanga presten så han låg der.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *