Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Burte i fjellet


Det kunde vera ikring året 1770 at ein mann frå Lyftingmo hadde vore nordi Torbudalen på jakt og fisking ein haust. Han hadde med seg ein tenestgut. Kvar han var frå, er det ikkje nokon som veit lenger.

Da dei var ferduge med det dei hadde tenkt seg, var dei matlause, og så skulde dei heimatt. Komne så langt som åt Kvitbakkom, skulde dei kvile på lite. Da kom mannen på at han hadde lagt att børsa nord i Torbu'n. Men det gjekk ikkje an at børsa låg att der, og så tvinga han tenestguten attende etter børsun. Det vart ein tri-fire mil å gå. Ja, guten måtte ly'e, han, og strauk attende nord i Torbue etter børsun. Men da han var på heimvegen att andre gongen, kom uveret på han. Og utsliten som han var, orka han ikkje å stå i mot veret, og han kom burt. Det vart leita mykje etter 'om, og dei fann ferder etter han i Gåsbuli'n, men han vart ikkje attfunnen.

Langt burti eit hundreår seinare var det ein reinsskyttar som heitte Per Tynnøl, som gjekk seg innpå noko bein der burti fjellet. Og han kunde ikkje anna skjøne enn at det var folkebein som låg der. Det var ikkje så langt frå setervegen dei låg. Og da det vart tala um detta, kom folk på at det laut vera etter den bortkomne tenestguten.

Så var det i 1922 at ein gut frå Lesja gjekk over fjellet. Da fann han el gomol børse. Det var ei flintbørse med årstalet 1743 på pipun. Børsa låg på ei steinur ved enden av ei tjønn. Treverket var øy'elagt. Det hadde vore ei lærhylstre på ho, men tå denne var det att berre fausk. Han som fann børsa, hadde ikkje stunder til å sjå etter meir der. Men det kunde vera truleg det låg fleire ting der, slikt som loty til børsa eller andre ting.

Da han Per Tynnøl fekk høyre at den børsa var funne, var det han fortalde um den gamle hendingje med tenestguten som kom burt. Han hadde høyrt det av bestefar sin, som så vidt mintest den gongen hendingje bar til. Og han trudde for visst at det måtte vera den børsa som tenestguten bar på den gongen han kom burt for halvtanna hundre år sia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.