Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976
Klikk her for å lese føreordet

Busettinga i Austinniåsen

Knut Henriksen Skinnerud skreiv om busettinga i Austsinniåsen. Det var i 1877, og han var da 78 år gammal.

Frå først av var all busettinga samla etter Åsen. Det var gardane Stor-¬Morstad, Vesle-Morstad, Bossum, Elton, Gardset, Ensberg, Myhre, Kamperud, Nolstad, Skinnerud og Homb.

Skogen tiI Homb nådde ned til Randsfjorden, dessutan låg det til skog på Veståsen.

Langt atti tida skal garden ha bori namnet Logheim. Like til det siste skal det ha legi ei stor røys av stein som bar merke av varme. Røysa var kalla Kongssteinen.

På Nedre Bårdsheim var det ei røys med stein av same slag.

Før det vart busetting på Austsinni, var skogen der sameige under Austsinniåsen.

Ein høst fikk dei ikkje kornet til å gå fram oppe på Åsen. Bonden på Stor-Morstad hogg da ei svei nede i skogen og brente etter sveia. Han flytte så husa ned der han hadde brent og sådde korn i. Det var der Garde nå ligg. Ei tid etter flytte ein annan av dei som budde på Åsen, og rødde seg gard. Han rødde seg inn der Grannegard nå er. Dei flytte så etter alle, nærså dei som budde på Homb og Skinnerud.

Gardane dei hadde flytt frå, gjorde dei til setrar.

Han som sat med garden Elton i denne tida, heitte Orm. Han hadde 7 barn. Han skifte garden i brorlotter og søsterlotter. Dei nye bruka vart etter kvart fråflytte og kom i bruk som setrar under Enger, Skålerud og Stor-Aurlund.

Vølstad har alltid vori eige bruk (N. Land).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *