Av Johan J. Bjerkem
Hentet fra Årbok for 1958, 38.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Aksidenstrykkeri, Steinkjer 1958


Bilde av Edvard Langmark (født 1853 – død 1926)

Bygdespelemannen Edvard Langmark

Edvard Langmark vart født 28.august 1853 på garden Langmark i Båbu. Foreldra var Ingeborg (født Rognan) og Benjamin Evensen Langmark. Kona til Edvard var Eline Johansdtr. (født  Henning) Langmark er ættegard der same ætta har vore i fleire hundre år. Tipoldefar til Edvard er den som eg veit om, som har nådd den høgste alder i Båbu. Han heitte Jon eller jo som det vart sagt. Han var født i ufredsåret 1718 og døydde i 1824.

Edvard Langmark var svært musikalsk og tok alt i barneåra til å spele fele. Han var mykje saman med Langlikarane, og det er truleg der han har fått opplæringa i felespell. På Langli var det spelemenn i fleire ættledd. Edvard var ein uvanleg flink spelemann. Tonana frå fela hans var reien og mjuke og med høg, klår klang. Han spela mykje saman med Langli-karane og saman med Ole Ryan. Edvard spela alltid fyrste-fele eller ”prima” som det gjerne vart sagt. Kor mange brudlaup han har spela i er ikkje godt å vita, men det er sikkert i fleire hundra. Heilt frå sin tidlege ungdom til han vart ein aldrande mann, var han stødt spelemann i brudlaup både i Båbu og i andre bygder. Det var truleg nok så slitsamt å spela i brudlaup i Edvard sine dagar. Brudlaupa vara vanleg i tri døger. Stundom kunde det så bli ein dag eller to å kvile ut i , før neste brudlaup. Så spela han sjølvsagt på danseleikar og festar.

Det er fleire flinke spelemenn, som har fått opplæringa hos han. Han har også laga nokre slåttar.

Edvard Langmark døydde 8. oktober 1926.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *