Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

BYTE MELLOM ÅSERAL OG EIKEN

For ikring 150 år sidan levde det ein mann på Åsland i Åseral som var vidspurd for si ransyke. Han heitte Åsmund og skulle vera i ætt med Knut Skraddar.

I vest bytte han med Nøkland i Eiken; og eit år flytte han bytesteinen vestover og tok eit stort stykke i ytrekanten av Gardsheia, Stompekvæven dei kallar. Han sette store bytesteinar der, og ingen torde gjera noko med det, for han var rik og mektig.
Kvart år leigde han stykket bort til driftekarane og fekk 10 dalar i leige.

Nokre år etter blei det ugreie med bytet mellom Åsmund og ein annan mann i Åseral. Åsmund blei skulda for å ha flytt steinen. Det blei sak, og skrivaren møtte. I eit gammalt dokument står det, at ein mann frå Lister len møtte til Åseral og vitna at Åsmund hadde teke Stompekvæven frå han for 20 år sidan. Men då der var gjenge så lang tid, blei ikkje bytesteinane flytt attende.

For 40-50 år sidan budde det ein mann på Åsland som heitte Ole Samlagvollen. Han var ein gild mann og baud folk på Nøkland at dei skulle få att Stompekvæven som dei påstod var teken frå garden. Men då Nøklandsfolka ikkje kunne einast, sa Ole at bytet skulle stå der det stod.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *