Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Bytingen på Køllstad

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Bytingar har det ikkje vore her over bygdene sidan han Store-Trond vart skoten jole-eftan, han Trond i Høgesyn, som Halvard Berg har skrive um.

Bytingar som folk laut føde på stundom, vilde det ikkje bli noko menne tå.

På Køllstad, austa åsen, gjekk det ein byting i gamal tid, som dei ikkje vart kvitte. Men so hadde dei fått erta han dugeleg sint ein dag, so han låg og prata ved seg sjølv. Då var det ein som spurde:

«Ko lengji ska du vera på Køllstad, du då?»

Dermed greip han i seg målet og sa:

«So lengji so de finst att flise tå di gamle forofjøse!»

Den tidi skulde det ha stade so svært eit fjøs på Køllstad, timbra tå berre feitforo. Køllstad-folki hadde lenge vore lutande leide denne fæle bytingen. So tok dei til tenkje på det han hadde sagt. Ein dag samtala dei seg i mellom at dei burde setja eld på fjøset, so dei kunde bli kvitt uhyra. Som avtala, vart det gjort. Dei valde ein still dag. Mykje folk var til stades og passa på både fjøset og bytingen. Då dei kveikte elden, låg bytingen som vanleg. Men då fjøset tok til brenne, vart han klen. Og klendre og klendre vart han etter kvart fjøset brann. Då det var nedbrunne, var det ogso ute med bytingen. Men før han slokna, skulde han ha sagt:

«Her på Køllstad sko de bi so nødige at de sko ljøte selja bualykladn før brø!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.