Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Byttinger i Mørkgongen

I Mørkgongen var det eit par fælande usle og rare unger. Den eine daua da ho var berre 12 år. Ho var da nokså lang, men så tynn så tynn. Arma var smale som ein finger, og ho kunne ikke tala, men saug og saug og gnog på handknokene. Sia kom ei like dan ei, som døydde noe yngre (6 år). Mora heitte Marte. — Desse unga var bortbytta, sa folk; det var tussunger. Og de sa at mora skulle ta den eine og gå bakom ein vegg og rise’n så’n tok til å gråte. Da skulle tussefolka komma og ta’n att og gi frå seg den rette ungen. Men mora hadde ikke hjarta til å gjæra det heller, ho tykte det var synd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *