Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Caprera-året

Ein vintermorra i det såkalte orkanåret 1882 blei folket i Medfjorden skremt opp ved at noen smågutar kom springande heim og fortalde at det låg eit kjempestort skip ute i Skøytnesvika! Først ville ingen tru dem, men då det til slutt bar i gråt med gutane, skjønte folk at det måtte vere noe i det dei fortalde og blei med opp på Knutshalsen. Og der såg dei skipet.

Det var så stort at dei kunne sjå mastetoppane over Knuts-halsen då det lyste av dag.

To mann hadde komme seg på land, men dei var våte og forfrosne og redde for dei innfødde. Dei frykta for at det var røvarar dei var komne til og sprang unna då medfjæringane ville hjelpe dei. Men folket i Medfjord fekk dei til slutt med seg inn til været, og der blei dei tatt hand om og stelt med på beste måte. Dei to framande sjøfolka snakka eit språk som ingen i været forstod, og dei henta derfor ein språkkyndig mann frå Senjens Nikkelverk i Hamn og brukte han til tolk.

No fekk dei vite at skuta heitte Caprera og var på veg frå Quebec i Canada til Europa med trelast. I Atlanterhavet hadde dei mist roret og sidan dreve for veret inn mot norskekysten. Då dei endeleg fekk sjå land, gjekk mannskapet i båtane, men kapteinen og styrmannen ville ikkje forlate skuta. Dei blei med på den ville ferda nordover. Skipet kom under land ved Medfjord på Senja. Dei to mennene hadde prøvd å få ut det store ankeret, men dei vann ikkje med det, og Caprera kom opp i grunnbrotta i Skøytnesvika og forliste der.

Skipet blei etter kvart knust, og det meste av lasta rak innover fjorden og blei liggande langs strendene i Medfjordbotn. Eit anna skip kom seinare og henta det som var igjen av trelasta. Då skuta blei sundslegen, dreiv det mange kassar med frukt på land og blei plukka opp av folket i været, «til stor glede både for ung og gammel», heiter det.

Kapteinen og styrmannen blei verande i Medfjord til frampå sommaren. Dei budde hos han Henrik på Haugen.

Caprera-året var eit merkeår på mange vis og blei ofte brukt til tidfesting av seinare hendingar. Det var før eller etter Caprera-året, sa folk.   
(Søren Einarsen og Paul Hay)

Garden Ersfjord hadde også godt rekvedland. Her blei alt vrakgodset samla opp etetter vinteren av gardsfolket i fellesskap og delt mellom bruka etter skyldøret når våren kom. 
I Ersfjorden fann dei ikkje berre tømmerstokker og tjæretynner. Dei fann også eit velfylt brennevinsfat eingong, og det var legdkjerringa som gjorde det funnet. Ho kom gåande over sanden grytidleg ein morra og skulle vere med i flatbrødbakinga oppe i garden då ho gjekk seg på fatet. Ho skyndte seg til gards med den glade tidenda, og den morran var ho velkommen som aldri før. Då veret la seg, sende dei bod på lensmannen som kom og tok hand om det som var igjen på fatet. Namnet Vinfatneset finst også som stadnamn i Ballesvika, så det var nok ikkje første gongen at folk gjorde slike funn i dette området.
(Melker Sørensen)

På Strandby hadde dei same skikken som i Ersfjorden. Vrakleitinga var ordna slik at dei to gardmennene gjekk ut til landet kvar sin dag når det var havver. Vrakgodset blei ført heim til garden utpå våren og delt i to. Sjå bygdeboka, bd. I s. 94.

Ved Strandby-landet har det vore fleire forlis ned g jennom tida med skade på eigedom og tap av menneskeliv. Kring 1900 forliste Leonhard Nilsen eit av dampskipa sine på Strandbyøyra, og i slutten av 1940-åra gjekk lokalbåten «Kvaløy» på grunn der og totalforliste. Slik gjekk det også med ein engelsk trålar som i mørke og kov kom for nær denne farlege øyra.

Garden Bø låg høveleg til for vrakgods, og mang ein rekstokk er berga opp på Bø-sanden og i vikene utover til Trælen. Men Bø-sanden var den heste plassen, og det som dreiv åt her, skulle vere sameige og byttes etter skyldøret, står det i gardspapira. Gamle segner på garden fortel om berging av vrakgods og om sjølik som dreiv på land. (Jfr. Brox, Berg og Torsken,
bygdebok I s. 103.)

Tingboka har også ei beretning frå 1760-åra om ein gut på Bø som fortalde til kameratane sine at han hadde funne eit skrin fullt av gull og pengar i fjæra på garden. Det same fortalde han til presten, og presten sende rapport til futen som kom utover til Bø og ville ha nærare greie på hendinga. Saka gjekk i fleire år og slutta med at guten tilstod at mesteparten av det han hadde sagt var eventyr og dikt. Historia er eit vitnemål om den rolle vrakleitinga hadde i folkefantasien der ute. (Jfr. kap. III, nr. 281.)

Ei gammal vise frå slutten av 90-åra gir og eit levande inntrykk av den rolle vrakleitinga hadde. Visa er frå garden Bø og skal ha vore på omlag 40 vers, men dei aller fleste av versa er gått i glømmeboka no. I denne visa heiter det mellom anna:

Men så en natt det traff seg så
at Torger søvnløs våken lå.
Verre, verre, vepp, bom, bom.
Et syn i ånden da han så:
Der falk av vrak på Sanden lå.
Verre, verre, vepp, bom, bom.

Av sengen hastig opp spratt han
og ropte til sin nabomann:
Verre, verre, vepp, bom, bom.
«Du hurtig må få støvler på,
og glem ei trøyen og en skrå.»
Verre, verre, vepp, bom, bom.

Fra Bø til Barnes så det bar,
der omtrent førti planker var.
Verre, verre, vepp, bom, bom.
De bar dem inn i Eilerts nøst,
og der de rakk fra røst til røst.
Verre, verre, vepp, bom, bom.

Det går fram av visa frå Bø at delinga av vrakgodset førte til krangel og uvennskap mellom naboane. Det ville dei helst unngå, og visa sluttar med at det endte «i fred og kjærlig enighet» .

Visa skal vere laga av Wilhelm Andreassen på Skaland.

Frå Teistevika har ein fleire segner om skipsforlis. Segnene må være gamle og fortel at folket der drap skipsmannskapet og plyndra skipet. Sjå Berg og Torsken bygdebok bd. I, s. 257.

Garden Teistevik låg svært høveleg til for vrakgods, og den beste plassen var Nonsvika ved Teisten. Når det blei havver, var det alltid spenning og stor tevling om å komme først til stranda. På silke dagar heldt gardsfolket vakt både dag og natt når sjøen flødde opp. Noen fast ordning med deling av vrakgodset kjenner ein ikkje til her.

Folk flytta frå garden midt i 1920-åra. Seinare var folk frå nabogardane ofte på vrakleiting i Teistevika.

Også i Sandsvika er det ei gammal segn om eit skipsforlis. Segna seier at på dette skipet var det ein spanjol. Han var den einaste som berga seg, og han blei buande i Sandsvika, heiter det.
Skipet hadde ymse slag frø i lasta, og då det forliste, dreiv frøet oppover sanden og slo rot innetter rabbane. Derfor vaks det plantar i Sandsvika som ikkje var å finne andre stader i Ytre Senja, seier segna.

Også i seinare tid har fleire skuter forlist på Sandsvika. Kring 1918 dreiv ein stor lekter på land der og blei liggande oppe på sanden. Lekteren hadde vore på Skaland med maskiner og anna utstyr til grafittverket. Om kveldane nytta ungdommen i Sandsvika lekteren til «ungdomshus».
Skuta var heil og blei seinare slept bort.

I 1946 dreiv eit av marinen sine oppsynsskip, «Molde», på land der og totalforliste. Mannskapet blei berga og tatt hand om av kvinnfolka på nabogarden Barbogen.

Heller ikkje i Sandsvika kjenner ein lenger noen fast regel for deling av vrakgods. Det ser ut til at kvar oppsittar fekk ha det han sjøl klarte å berge, men det var ofte strid om eigedomsretten.

«Ein dag kom ein veldig stokk drivande, og vi sprang alle mann til for å berge stokken. Han Jon Hansa var den ivrigaste. Stokken kom stupande innover vika. Då svor han Petter på at den stokken skulle ikkje han Jon ha åleine. Så la han på svøm mot stokken og kasta seg på maga over han. Men så kom det ein veldig sjø og heiv stokken rundt. Stokken datt ned på han Petter, som blei liggande å flyte i båredraget. Vi sprang i båten og fekk han Petter på land, men då var han død.»
(Johan Johansen)

På dei andre gardane søretter i bygda kom det nok også vrakgods på land, men ikkje i den mengd som på gardane frå Månesodden og nord. Kjerringvika og Leikvika med Blåstranda var nok bra reksterplassar dei og, men dei låg ikkje slik til at ein kan rekne dei til store vrakgardane. Men av og til kom det ein og annan stokken drivande inn der også. Eit garnmalt herm etter han Ol Persa i Vikan syner det. «Dette veret det måtte ha vart lenge», sa han. Han berga opp vrakgods etter storstormane i 1880-åra. Hermet understrekar også det gamle ordtaket frå Ytre Senja om at «det kjem ikkje så stor skade punn landet at det ikkje blir noen til bate».

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *