Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Claus Verkland

Claus Verkland var ein reieleg mann i all si ferd. Han hadde vanskar med å skjønne at ikkje alt innan politikk var like reieleg.

Verkland ville ha vegutløysing til Hordaland. Men det var tre alternativ og meiningane var delte. Ikkje alle var samde med ordførar Verkland.

Bondelaget hadde tillyst vegmøte i Brekke og bede inn kommunestyret. Men på møtet fekk ikkje Verkland den respons som han hadde venta.

Bondelaget brukte å syngje før og etter møta. Og då dei denne gongen kom til sluttsangen sa Claus Verkland:

– Eg trur vi denne gongen må syngje: Herre, jeg har handlet ille.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *