Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Da Andres Bakken såg ei ven stølsbu

På Sudndalsåsen, høgt til fjells, ligg ein gard som heitar Bakken.

Andres var berre småguten og skulde upp i skogen med dugurds-mat til far sin — han heldt på med kolabrenning der uppe. På vegen sette han matspannet frå seg ved ei furu. Det var so fine tuppu (konglor) på denne furua og desse vilde guten ha å leike med. Rett som han stod der fekk han sjå ein stor buskap, ei ven stølsbu og ei fin gjente, som hadde mosebrun stakk og bar ei mjølkeringe på armen.

Guten stod lenge og såg på dette og undrast. Før hadde han ikkje set anna enn skog her, og anna enn skog såg han ikkje her sea heller. — Buskapen der i bygdi var elles på høgfjellet denne tid av året, so han grunda svert på dette. Då han kom fram til far sin fortalde han um det han hadde set.

«Du må ikkje ta de’ te å ljuge, gut!» sa far hans strengt. Men guten stod på sitt — at han hadde set det alt i hop.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *