Internt referansenummer: 26.09.2011 – BOK
Kilde:
DRAUGEN SKREIK – Tradisjon frå Lofoten
Dagmar Blix
(Klikk her for å lese om Dagmar Blix på Wikipedia)
(Klikk her for å høre utvalgte kåserier av Dagmar Blix på NRK)
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 93
UNIVERSITETSFORLAGET – OSLO – 1965
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Då Ballstadjuren ville gifte seg

 

I vest for Ballstad er det ein fjelltind som heiter Ballstadjuren. I dette fjellet budde det i gamle, gamle dagar eit troll — eller rettare ei gyger. Då ho var komen i gifteferdig alder, sat ho der og stunda og venta på ein eller annan friar. Men ingen kom. Då kom ho på at ho sjølv ville fare ut på friarferd. Ho trengt ikkje å far så langt nett, for borti Skott-tindfjellet der sto dei i rad og rekke fleire velvoksne kara. Men dei svara nei på friinga hennes allihop. Sturen og harm sett ho seg ned på Ballstadheia og kvilt seg. Då fekk ho sjå ein

høg og staseli kar nordst i Buksnes. Det var Himmeltindmannen. Jaja, ho pynta seg og la i veg på ny friarferd. Men Himmeltindmannen kunn no slett ikkje svare ja, han, for han var vesst og fast førlova med trolldronninga på Skolmen. Ballstadjuren mått far heim med både sorg og skam, og ho gret heile vegen. Tåran vart til store tjønn og vatn. Dei ligg no der på rad den dag i dag — Mørkdalsvatnet, Skulbruvatnet, Borgvatnet, Storeidvatnet og Skotnesvatnet og endå fleir.

Men om ei tid fekk likevel Ballstadjuren ein kar på kroken, — det var så nok av trollkarar utover øyane der. Og så vart det gjort i stand til eit stort og staseleg bryllopp. Det vart laga brurstas og brygga og bakt. Men så var det å finn ei brur-steik. Brura greip ei ung og vakker gjente som kom på vegen — det skulle vere brursteika. Så la ho i veg og skulle be ihop til storgilde — austover til Vågakallen og vestover til Hermannsdalskjerringa og fleire. Men me ho var borte, kom gjenta seg vekk. Ballstadjuren vart vill av sinne, då ho fekk vite at kjærasten til gjenta hadde løyst henne ut av fjellet. I sinne heiv ho ut brurstolen sin og fatet som steika skulle ligge på. Brurstolen står den dag i dag utpå fjellhamaren mellom Ballstad og Nappstraumen, og fatet kan ein og sjå. Det heiter no Feskfatet.

Då ho fekk sjå rømlingane bortpå ei fjelihei, greip ho med kjempeneven sin i fjellfoten og ville hive eit fjellstykke etter dei. Ho fekk det ikkje laust, men fingermerkan hennes kan ein sjå i fjellet enno — just under Brurstolen. Så tok ho storoksen sin og spent han for heile Skottind-fjellheimen. Ho vill slit bygda tvert av, så ikkje rømlingan kunn kome seg unna. Det var nær på ho greidd det, for det ga tøy imella Litleidet og Storeidet. Men då greidd ikkje oksen meir. Då smeist ho til oksen i sinne, så hauet rauk ifrå kroppen og datt ned ikkje langt unna Feskfatet. Der ligg rett nok ein holme som heit Okshauet. Blodflekkan drefsa vestover Nålsundet og vart fast borti berget. Der kan vi sjå nokre brune flekka den dag i dag.

Alt gjekk så reint på tverke for ho. Men då ho atter skull i veg og hent rømlingan, så rann sola, og ho vart til stein. Der står ho no med brurkrona på og i full stas.

Himmeltindmannen vart aldri gift. Sagnet sei at han er så gjerrig og grisk at han gjer ikkje anna enn å passe på sølvkanna si, endå ho heng så høgt at menneskefot aldri kan kome dit og menneskehand aldri nå ho. (Buksnes.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *