Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Då bjørneskyttaren og

bjørnen møttest på Grytøya

Det seiest at ein mann var på heia og skulle veide bjørn, og best som han gjekk stod der ein diger bamse framfor han. Mannen var gammal og vand bjørneskyttar. Men han blei litt klomsa med det same. Han hadde all respekt for bjørnen — men bjørnen hadde og respekt for den gamle bjørneveidaren. Mannen bar med seg eit spyd dei kalla bjørnemilt. Han var vand med å felle bjørnen i nærkamp. Han brukte ikkje anna våpen. Så tok samtalen til der dei tirra kvarandre opp.

Bjørnen: Æg for gjønna garden din i natt.
Mannen: Vegen låg så fram.
Bj.: Kjerringa di gjorde barsøll.
M.: Lakka så tida tel.
Bj,: Ho fødde to sønna.
M.: Det formera verda.
Bj.: Den eine dø.
M.: Så gret han ikkje for brød.
Bj.: Den anner dø òg.
M.: Så sakna ingen annan.
Bj.: Kjerringa di dø.
M.: Ei i staden.
Bj.: Men ikkje så stor.
M.: Men vel så god.
Bj.: Ein mann for døra.
M.: Ein mann døyr best.
Bj.: To mann for døra.
M.: To mann i seng – førlikes best.
Bj.: Tre mann for døra.
M,: Tre års gammel galte – er best å salte.
Bj.: Fire mann for døra.
M.: Fire hjul under ei vogn – går best.
Bj.: Fem mann for døra.
M.: Fem fingra på kver hand.
Bj.: Seks mann for døra.
M.: Seks års gammal hest – ber sin herre best.
Bj.: Sju mann sterk for døra.
M.: Sju stjerne i ring – går heile verda ikring.
Bj.: Åtte mann sterk for døra.
M.: Åtte sjele frelste Gud i Nohas ark.
Bj.: Æg måtta ha hatt dæg på det høgaste fjell.
M.: Nærare var æg då Gud.
Bj.: Æg måtte ha hatt dæg i den djupaste dal.
M.: Snarar kom æg då heim.
Bj.: Æg måtta visst dæg på det djupaste hav.
M.: Med skip oppander.
Bj.: Hol i. (sint)
M.: Tropp i.
Bj.: Æg måtta visst dæg på ei glovarm hella.
M.: Og med tunga di imella.

Og før bjørnen visste av hadde mannen køyrd spydet inn i bringa på bjørnen. Slik endte det eventyret.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *