Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

DÅ DEI ÅT JOLEGRAUTEN PÅ TVEITEN

Ein mann på Tveiten i Eiken hadde høyrt ein kunne få vita kven kom til å døy først i eit hus, dersom ein stod med ein silkeklut for andletet sitt utanfor stoveglaset jolaftan. Ei jol gav han seg til å glåpe inn gjenom glaset medan dei åt jolegrauten der. Men då kunne han ikkje bli var noko hovud på faren. Han tykte dette var så fæsleg å sjå faren sitje der hovudlaus og eta, at han heiv kluten og lova, at det skulle han aldri gjera meir. Men året etter døydde far hans.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *