Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Då den fyrste telegraflina vart lagd

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Då den fyrste telegraflina vart lagt gjennom Valdres, levde han Knut i Velun i Røn. Det laga seg so at lina skulde gå over jordet hans. Då telegraf-folki hadde sett upp dei fyrste stolpane, vart han Knut svært forgapt. So gjekk han stad spurde dei kvifor dei sette upp desse lange stolpane. Dei svara at slike stolpar skulde dei no reise like frå Kristiania og til Bergen. Knut riste på hovodet og lurka innatt. Desse kloke der hin i byen fann på mykje vilt.

Ei tid etter kom telegraf-folki att og drog upp eit par kopartrådar mellom stolpane. Då vart han Knut endå meir forgapt. Han lurka ned til arbeidsfolki att.

«Ko ska desse trænadn vera te?» spurde han.

Jau, dei skulde sende bod etter dei, let arbeidsfolki.

«Kem ska gå me den boe då?» sa han Knut endå meir forhippen.
«Jau, de e den stygge sjøl!» sa ein av telegraf-karane og lo ein ful lått ved seg sjølv.
«Kofør kan 'kji stygg'n like so vel høppe stølp i myljo», so dei sko leggji trå te gå på for 'o'?» svara han Knut og luffa inn att. Han vart vel redd, er von.

Knut var husmann til Viste og ein stor, spræk kar. Men han likte ikkje å få styggen til renne etter telegrafstrengen over plassen sin! Neimen gjorde han det!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.