Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Da Fylkestinget var i Balestrand…

Sogn Musikkrins hadde søkt Fylkeskommunen om eit tilskot på kr. 3.000,-.

Dette var ei budsjettsak som skulle handsamast av Fylkestinget i Balestrand. Det er vanleg at Fylkestinget tek ein tur under tingseta slik at medlemmene av tinget kan bli betre kjende i sitt rike.

Denne gongen gjekk Fylkestinget ombord i ferga i Balestrand som fyrst gjekk til Hella og så til Vangsnes. Derifrå tok dei buss til Flåm.

No høvde det så at Sogn Musikkrins hadde stemne nett denne dagen, og mange korps var på veg til Leikanger. Fylkestinget møtte eit korps på kaia på Hella og korpset var raske og stilte opp med feiande musikk til Fylkestinget. På fjorden kom båtar med korps frå fleire kantar. Dei fylgde Fylkestingsferga med musikalske bidrag til tinget. På kaia på Vangsnes stod eit korps og venta på vidare far. Då dei såg Fylkestinget, stilte dei opp og gav eit av sine beste nummer. Og ikkje ringare var det i Flåm. Det hadde eit korps stogga opp og spelte i sentrum.

Som ei avslutning på denne hyllinga til Fylkestinget, var Sogn Musikkrins oppstilt på kaia i Balestrand då Fylkestinget kom attende om kvelden og gav då til beste all den musikkglede Sogn Musikkrins kan gje.

Det musikantane ikkje visste var at fylkestinget, før avreisa frå Balestrand, hadde vedteke avslag på søknaden om kr. 3.000,- til Sogn Musikkrins.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *