Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Svein i Ur'n

Då gamle Nestin drap rev

(Svein i Ur'n talar um gamletidi)


”Ha du hørt um då gamle Nestin drap røv?” — ”Jaso, du ha 'kji de. Men det lyt du få høyre”:

Gamle Nestin kom ein gong på at han vilde drepa rev, so det hadde skikk. Han hadde fått tak i noko revesalve som skulde vera so makelaust god. So fór han rundt bygdi og samla ihop alle dei revesoksene han kunde finne og få lånt. Til slutt hadde han sanka seg 24. Dei la han ut i ei rad sør ved ein skigard. Kvar saks hadde han smurt med denne revesalva. Då det leid ut på kvelden noko, høyrde Nestis-folket det vart slik leven burt ved skigarden. Det var greitt det hadde kome eit kvart liv i soksene.

No hadde Nestin mange brør. Desse fekk han med seg. Kvar tok seg ei øks. Men til den yngste broren rokk det ikkje øks. Han faut ta eit grev.

Då dei kom burt åt skigarden der soksene låg, stod det — anten du tror det eller ei — ein rev i kvar soks og ein rev attåt kvar soks. Dei kom ikkje inn i soksene, desse, skjønar du, men stod liksom venta på tur. Dei var vortne so forfjamsa tå denne rare revesalva!

No vart det liv burt ved skigarden. Fyrst slo Nestis-brørne i hel dei revane som ikkje stod i soksene. Den siste hadde vilja fare sin veg, han, men so var han som grevet bar, eldande snøgg til høgge det i han. So drap dei revan som i soksene var. Då striden var slutt, hadde dei 48 revar. Men etter den tidi såg dei ikkje rev på Nestis-eigun på mange verdsens år. Kvar klo var drepi! Dette er so sant som det er sagt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.