Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Då Gjermund urmakar var i ørnereiret

Av

Av Ketil E. Tveit

”Jeg har vært i Grimstad i to måneder!” Og nesten alle i Treungen veit kven det er som har sagt desse ”bevingede” ord: Det er Gjermund urmaker. Og det er ein prestasjon! Vere i Grimstad i ”to måneder” og så bli urmaker og stiv fin bymann på livstid! Ja,det er ein prestasjon! Grimstad må ha gjort eit umåteleg sterkt inntrykk på den unge mannen frå Treungen. – Og lærenem må han ha vori. For det er vel ikkje alle Grimstad greider å omforme så totalt på ”to måneder”? Skal tru kven det var i Grimstad som lærde opp Gjermund til å bli urmaker? – Det måtte vel vere ein gong i 70 åra han var der. Og så held han på stivt bymål, midt i heimbygda si til sin dødsdag! – ”Jeg har vært i Grimstad i to måneder”.

Gjermund urmaker var ein orginal. Ein original i sjeldsyn og god meining. Verkeleg originalar er det få av. Gjermund var ein av dei få. Tynn og høgreist, med langt, flott skjegg. Kan hende hadde han vori seig og senesterk også. Og ein måtte legge merke til Gjermund der han kom. Strak i ryggen og lett i ganga, med gullbriller, spaserstokk og gullringen på pekefingen! Og krokpipa som trufast fylgjessvein! Og i same munduren og strake takten når han skulle på fiskeheia. Det var bare skreppa på ryggen og fiskestonga på skuldra som no, utan ord, fortalde leida han tok! – Fjellet lokka (Ein  kunne forresten godt skrive om Gjermund ”fiskar” også!  

Pertenteleg var han. Og venesæl. Ein grei kar. Og gullringen på pekefingeren! Kvifor ringen sat der, veit eg ikkje. – Men det vart fortald at han hadde vori på frieri i alle fall ein gong i livet. Det var til ho Sigrid. Men det måtte ikkje passe for ho Sigrid, ufatteleg nok. Og dei gjekk åleine gjennom livet båe to! – I barndomsheimen til Gjermund var der stor fatigdom. Ja, det er sjeldan å høyre om slik armod. Gjermund sa stillferdig ein gong, med tanke på barneåra: ”Jeg likte meg best om høsten!” – ”Kvifor det,” sa eg. – ”Jo, for da kunne jeg spise meg riktig god og mett – på bær i skogen. Og det var den eneste gangen jeg syntes at jeg var riktig mett!”

Ein gong var det rektig smått med mat i heimen, Og Gjermund fortalde at han og bror hans, Ståle, gjorde eit djervt forsøk på å skaffe pengar. – Det heldt seg to svære ørnar langs etter Langfjell, på den andre sia av Nisser. Fjellet er på sine stader nesten loddrett over fjorden her, og 4-500 meter høgt. Og dei forstod at ørnane måtte ha reiret sitt her ein plass. Og så lånte dei ei munnladningsbørse og drog avstad.  

Dei kom opp på fjellet,og fann reiret. I ei lita skorte nesten heilt på toppen av fjellet stod ei fjellfuru. Og værbiten, vrien, og skakk og skeiv hekk den på skrå utfor fjellet. Og i toppen av den hadde ørnane bykt. – Dei såg reiret,og at det var liv der oppe. Og så ladde dei børsa og skaut opp i reiret. Det flaksa litt med vengjer, og så vart det stilt. – Ja, det var det. No hadde dei skote to ørnar (ungar). Men dei dyrebare skot pengane var dermed ikkje i handa. Og det var pengane dei var ute etter. Men ørnane måtte dei ha med seg til lensmannen, skulle det bli mat i Nærbø.  
Dei ladde børsa på ny. Og så skulle Ståle stå og vakte om ørnane kom. Og Gjermund skulle opp i treet. Fjellet var høgt og stupbratt. Der nede låg Nisser brei og blank. Eit mektig syn. Her var rektig luft for ørneveng!

Men Gjermund stakkar, han sleppte seg ned det vesle fjellspranget til furua, og klatra opp. ”Jeg var jo redd, men jag visste hva det nu gjalt. Og da jeg kom frem til redet så jeg ned. Og da var det tre fire ganger så høyt som til kirkespiret – rett ned i av grunnen”. Medan han held på med å få ungane ut av reiret, kom ørna! Med lynets fart kom ho susande frå det høge, like ned over hovudet på han! Og med utstrakte klør flaksa ho så nær innpå han at Ståle ikkje våga å skyte. Det kunne bare gjere vondt verre! Men til all lukke var Gjermund så oppteken i reiret at han merka ingen ting. ”Men hadde jeg sett ørnen så nær innpå meg, hadde jeg vel besvimt og falt ned” sa Gjermund. Og til sist forsvant ørna så barnlaus innover viddane. Og Gjermund fekk med seg ørn ungane! Kvar av dei var nesten så store som ei røy, fortalde Gjermund vidare. ”Ja tenk dette gjorde jeg virkelig for å skaffe mat hjemme. Vi fikk til sammen fire kroner i skuddpremie!” Ja,maten er stundom kostbar! Men etter at Gjermund hadde ”vært i Grimstad i to måneder”, og blitt Gjermund urmaker, var det lettere å skaffe det han hadde bruk for. Han vart alle dagar ein nøysom mann. Og han var ein heilstøpt kristen der han for fram! – Og klokkene rundt ham sa: Tikke,tikke,tikk,tikk.

Ketil E. Tveit.

Frå Grømstadposten 27. august 1948.
(Utklippet fekk eg av Torolv Tveit, Tveit Treungen.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *