Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Då hanen og høna skulde bryggje

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Ein gong hadde hanen og høna laga seg te bryggje. Då det havde runne or røstebytta ei stund, vilde høna smaka på vyrtet. Men so stupte ho ned i bryggjeholken og bleiv. Hanen, stakkar, sette seg upp på ein stol te gråte og låte og syte so hardt.

So spurde stolen hanen:

«Ko e de du site der o syte so før, då?»
«Jau, veslemor datt ne i bryggjehølken o bleiv, o so må vel e gråte o låte!» svara hanen.

So tok stolen te rikte, han.

Men døri var ikkje langt burte. Ho hadde høyrt kost det gret og let og rikta. So sa ho te stolen:

«Ko e de du står o rikta for, då?»
«Jau, veslemor datt ne i bryggjehølken o bleiv, o hanen græte o læte, o då må vel e rikte!» sa stolen.
«So får e te knirke, e då,» sa døri.

Ein flisedunge låg på golvet. Han høyrde kost det gret og let, rikta og knirka. So spurde han døri:

«Ko e de du knirka for?»
«Veslemor datt i bryggjehølken o bleiv, hanin græte o læte, stol'n rikta, då må vel e knirke!» svara døri.

Ko tok flisedungen te ryke.

Dette såg fuglane og kom i flokk og fylgje.

«Ko e de so græte o læte, rikta o knirka o ryke so fælt?» song dei.

Då svara flisedungen:

«Veslemor datt i bryggjehølken o bleiv, hanin græte og læte, stol'n rikta, døre knirka, då må vel e rjøke!»

Då tok fuglane te plukke fjørene tå seg.

Best det var, kom det ei gamal kjerring inn og stelte seg te koke graut.

«Ko e de so græte o læte, rikta o knirka, ryke so falt o plukka tå se fjøre?» ropte ho.

Då svara fuglane:

«Veslemor datt i bryggjehølken o bleiv, hanin græte o læte, stol'n rikta, døre knirka, flisdungen ryke, og då lyt vel me plukke fjøre?»

«E får ta graut’n o kline kring veggjidn, e då!» sa kjerringi.

So tok ho den eine sleivi med graut etter den andre og klinte på veggene, og alle gløymde sorg og sut.

Og er ho kje slutta, so held ho på endå.

Det var ho godmor som fortalde denne regla.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *