Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Da Heilag-Olav siglde i Ryfylke-fjordarne

Ein gong var Olav ute og siglde i Ryfylke-fjordarne. Daa var det so at han siglde lika fort anten det var sjø eller land; men naar han fór gjenom land, daa skar skipet seg ned i, so det vart fjord.

Han var i Karmsund og fór austyver, inn Røyksund, og kom til Straumen ved Skyldafjorden. Der letta han skipet eit stykke veg, so det vart ikkje anna en eit eid; men innanfyre skar han fjordar som ein no kann sjaa paa eit landkort. Fyrst var det Yrkjefjorden millom Skyld og Nedstrand, so Vindafjorden paa hi sida av Sandeid-fjorden; der vart det beint fram ein kross, og sumtid hev fjorden der vore kalla Krossfjorden. I innste enden av Vindafjorden letta han skipet att, so det vart berre eit eid (millom Vindafjord og Sandsfjord). Eidet er ikkje lenger en at folk kann ropa tvert yver; difor heiter det Ropeid.

Fraa Sandsfjorden skar han seg veg inn gjenom Hylsfjorden; men der vart det so store fjell at han mest ikkje kunde koma igjenom. I Hylen letta han skipet. So vart det Hylsskardet, som er mest ei halv mil fraa Hylsfjorden til Suldalsvatnet. Daa han kom paa vatnet, bles det ein ogjeleg «utantevind», so han der kom verre i det en han hadde vore nokon stad. Det var lite som skilde at han hadde sett til der. Han miste seglet. Naar me no fer upp Suldalsvatnet, kann me enno sjaa seglet hans; det stend i fjellet utfyre Litlhamar, ein stad dei kallar Baasarne.

Fraa Suldalsvatnet fór han sud- og aust-yver gjenom Rodleivsdjuvet. Vegen som han fór, skal syna enno, alt til den sta¬den som han steig av skipet; det var aust med Tinnsjøen i Telemarki.

Enno ser ein faret hans i fjellet der som han steig av skipet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *