Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn; Tore Ruud

Då Hin-karen grov Eidsfjorden


Hin-karen blei ein gong sett til å grave ein fjord på vestsida av Langøya. Det såg ikkje greitt ut å begynne med, men han akta seg for ikkje å bli sårfingra. Eit stort par vottar tok han på seg, og på denne plassen vart Vottestad.


Skufle hadde han med seg, og etterkvart han sette skufla til sides, blei det ei hamn. Første hamna er Straumfjorden .


Andre sida fjorden kasta han sanden. Der blei ein lang sandmel som heitter Kjøldraget.


Eit stykke innanfor skulle han rette ryggen, han sa:


«Hakk, hakk!» Denne staden blei kalla Håkkabogen.


Best som han skufla ei stund small det i skufleskaftet. Han trudde det var nokon som prata, då sa han:


«Si, si?»


Denne staden blei kalla Sildpollen.


No heiv han sanden hi sida fjorden igjen, men det begynte å skymast no, og han retta seg opp. Dette var velgj ort arbeid, tenkte han, slett og fint! Plassen blei heitande Valsnes.


Så skufla han igjen. Då råka han noko hardt. Han tok eit kraftig tak, så skufleskaftet rauk. Han ble no sinna og dreiv stykka kvar sin veg. Skaftet blei heitande Skaftøya, og skufla blei til Rækfjellet.


(I Vesterålen kalla dei skufla for ræka.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *