Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Da kong Olav skulle byggja ei kyrkja paa Avaldsnes…

Daa kong Olav var ute og kristna landet, var han og paa Karmøy og lærde folket Guds-ord. Fyrr han fór derifiaa, vilde han byggja ei kyrkja paa Avaldsnes. Det skulde vera ei steinkyrkja med taarn. Daa dei so tok til aa byggja, gjekk det ikkje so fort som kongen vilde. So kom det til honom eit troll som budde i ein haug attmed Blodteigen. Trollet baud seg til aa setja upp kyrkja med taarn og alt som til skulde, paa ei vika; men daa laut han hava sol og maane i løn, eller og kongen sjølv. Dette lova kongen; for han tenkte at ingen kunde byggja ei kyrkja so fort. So tok trollet til aa byggja.

Det gjekk so fort at ingen skulde trutt det. Fredag var det so langt kome at kyrkja laut verta ferdug til sundag, det kunde ingen tvila paa. Daa visste Heilag-Olav ikkje si arme raad; sol og maane kunde han ikkje faa tak i, og sjølv hadde han ingen hug paa aa selja seg til eit troll. Men ein ting visste han, at kunde han faa vita namn paa trollet, so var han berga; for naar troll høyrer namnet sitt nemnt av kristen-folk, so sprikk dei. Men kor skulde han faa vita namnet? Han var i større vande en han nokor tid hadde vore.

avaldsnes_kirke
Avaldsnes kirke skildret i Christian Tønsbergs Norge fremstillet i bilder (1848).

Um fredags-kvelden gjekk han ut og var full av tunge tankar. Rett som det var kom han burt til haugarne ved Blodteigen. Han var trøytt og tung i hugen, og so sette han seg til aa kvila paa ein av haugarne. Daa fekk han høyra eitkvart som song. Det var ei kjerring som heldt paa svæva barnet sitt inne i haugen. Kongen lagde øyra til, og daa kunde han greidt skilja desse ordi:

«Byssa, lulla, liten kinn!
i morgo kjem Sigg, faren din,
med sol og maane til barnet.»

Den som vart glad, var kongen; han reis upp med ein gong og gjekk heim atter.

Daa laurdagen kom, stod kyrkja fullt ferdug med taarn og alle gode greidor; jutulen heldt paa med kupulsteinen. Kongen stod og saag paa, og best som det var, ropte han upp:

«Agta deg, Sigg!
eg trur snaudt den siste steinen ligg.»

Med same stupa trollet ned, so hardt at heile hovudet seig ned i moldi attmed kyrkjeveggen. Han vart til ein stein, og der attmed kyrkjeveggen stend han den dag i dag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *