Kilde:
Årbok for Helgeland 1977

Gammalt fra Velfjord

 (Då Lars Hermansen Aspås og Sivert Nielsen kapp-rima)

Av Herlaug Vonheim

Sivert Nielsen var lærar i Brønnøy prestegjeld der Velfjord låg til som anneks. Ein gong held Sivert Nielsen omgangsskule på Sæterlandet. Ei tid etter nyåret kom han då i tur til ho Ingeborg i Svarthopen. Ho fortolde han at Lars Hermansen på Aspåsen var ein slik rimsmed at han laga vers om alt slag. Sivert fekk stor hug til å treffa denne mannen – og bad Ingeborg finna på eit ærend, så han fekk gå til Aspåsen og tala med Lars.

– «Du kan spør ifrå meg om han vil lån meg ein svingbor», sa ho.

Lars Hermansen var millom anna snikkar.

Sivert Nielsen la uv gårde, og på vegen dikta han ihop eit vers som han ville bruka for å få Lars på gli.

Sivert steig inn på Aspåsen og helsa:

«Goddag, min gode Lars, skulmeisteren kjem te gards.»

Lars svara:

«Skulmeisteren ska vara velkommen.
D’ e’ kaldt sett deg bortå ommen.»

Lars sette kaffekjelen på og sa:

«D’ e’ ei evindele skam,
e’ eig ‘kji såpass som ein dram.»

Sivert tenkte seg om eit par grann og sa:

«Varme og prat er spandering bro,
eg ska ikkje anna traktering ha.»

Lars la meire ved i ommen og svara:

«Du får ikkje bero Jule mi ut,
han namnbror kokast over elden.
Han har vel ein svartskvett inni sin tut,
og kaffe gjer godt no mot kvelden.»

Då dei fekk seg kaffe sa Sivert:

«Eg spør frå ho Ingbor,
kan du lån ho ei svingbor?
Men eg sei som ho sa det,
at borveiv har ho sjøl.»

Lars kremta og svara:

«Du kan hels ho Ingbor,
ho får ‘kji no’n svingbor,
og e’ sa det
at ho skull ha det
for ho ikkje lånt me’ mjøl»

Då Sivert ville gå, sa han:

«Tonen var god og trøysam var songen,
farvel og takk for denne gongen.»

Lars kom med svingboren, la den i handa hans Sivert og sa:

«Leg han på haue hennar,
kali det ei glo får ein som vil vara kristsømeleg nabo.
Eg takka for at eg i dag fann ein ven.
Farvel Sivert Nielsen, kom snart igjen.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *