Kilde:
Årbok for Helgeland 1977

Då Lars Hermansen heldt barnedåp

Av Herlaug Vonheim

For omlag hundre år attende heldt dei bededag 4. fredag etter påske. Bededagen 1862 var det snøslaps og eit ufyseleg føre. Lars Hermansen heldt barnedåp den dagen.

Året etter var bededagen ikkje betre, med snøkov så det låg store skavlar.

Før preika kom medhjolparen inn i prestestua i Naustvik og sa til presten:

– «Jaminsann kjem ‘kji han Lars Hermanså med barn til dåpen i dag og. No får sekkert presten et vers.»

Så kom han Lars Herman-sen inn og helsa:

«Goddag Prestefar,
goddag medhjolpar.
Be’dag i år og be’dag i fjor,
sam’ ver og sam’ arbei åt me’ og ho mor,
kjaurt be’dag over heian,
så da valt over meian,
far.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *