Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

Då me fekk normaltid…

Før 1895 viste klokkene våre «sann» tid. Det vil seia: Når solå sto høgst på himmelen viste klokkene våre 12. Men når dei var 12 her, var dei 20 minuttar over 12 i Oslo. Det blei møkje tutl med dette etterkvart som samferdsla auka og telegraf og rikstelefon kom meir i bruk. For å bøta på dette fekk me «Lov om sams normaltid frå 1. januar 1895». Då sku alle klokkene i lande visa same tid som i Oslo og me her måtte setja våre 20 minuttar fråm.

Det var mange som ikkje ville vera med på det, helst arbeidsfolk. Dei sa som så: «Nå må me vera på arbeidsplassen klokkå 1-/27. Det er ti’leg nok, men etter det nya ska me vera der 10 minutt øve 6 og det vil me ikkje».

Så blei det kalla inn te møte i bedehuse. Stappfullt hus og stormande ordskifte. Men dei roa seg då prost Kielland hadde greidt ut at arbeidstiå kom te å bli den same. Det dei tapte om måråen fekk dei att om kvelden og dei kom nå som før te å gå etter klokkå, ikkje etter solå.

Noken år etter kom eg i snakk med ein gammal mann om sommar og sol. Det var fine sommar¬kvelden og solå glitra i sjøen. «Har du lagt merke te at solå går høgare på himmelen nå enn før ?» spurde han. «Nei». «Jo, før var det så at midt på sommaren gjekk hu ner bakom det huse du ser der, når klokkå var 11 om kvelden. Men nå går hu ikkje ner før klokkå er 20 minuttar øve». Han hugsa ikkje på at me hadde fått normaltid og sett klokkene 20 minuttar fram. Og det trur eg ikkje noken andre heller hugsar på, te dagleg.

Denne loven om normaltid er den fysste loven som er skreven på nynorsk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *