Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

 

Da Olav den Heilage greip ein hest…

Gamle folk hadde mange rare merke og truer. Dei fortalde soleis at Olav den Heilage ein gong greip ein hest i halsen og sa: «Dæ der kjem te bli ein go hest. Det har vel helst vore ein unghest eller fole, spår eg.

Seinare synte det seg på some hestar to kvervar i håra i halsen, som gamle hestekarar kallar Olavs-grep. Det er som det skal vera teke der med to fingrar, ein på kvar side. Og det skal vera gode hestar, heiter det. Men det var heilag Olav som hadde slik makt at han kunde setja slike merke etter seg.

No er det få som veit om det, men dei gamle visste om det og trudde på det. Gamle folk tala au om noko dei kalla Stefanspennil og som dei nytta til fotband på hestane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *