Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Då Reppekongen og Mørkedalsmannen

skulle dele Bjønndalsoksen

Langt vest i Lofoten er der eit fjell kalla Himmeltindan . Fjellet er 1000 m.o.h. Mellom tindane er det eit dalsøkk heiter Mørkedalen. Fjelltindane er så høge på alle sider at sola skin nok sjeldan ned dalbotnen. Difor heiter dalen Mørkedalen. I dalbotnen ligg eit stort trollsleg vatn som heiter Mørkedalsvatnet. Her skal det vere trollfisk frå gammal tid. Det var eingong ein gjetargut, han stod der og fiska. Bar han så i ein stor trollfisk. Trass alt han stritta imot vart han dregen ut i vatnet og omkom der. Det budde fleire trollfamiliar der i Mørkedalen. Så var det ein haust i sauleitinga ei jenta kom over fjellet. Ho var trøytt og utgått og sette seg på ei steinhella og kvilte. Best som ho sat der høyrde ho det ramla ned i jorda under hella. Ho visste ikkje av før heile hella sokk ned i jorda, og ho fór med i fallet. Ho kom til ein underjordisk gang. No såg ho at hella var loftlemmen til trollheimen. Ho gjekk frå rom til rom til ho kom til ellevte. Det eine rommet var finare enn det andre, som ho gjekk. Men no sat det ei svart katta og ringde med ei sølvklokka. Ho gjekk ut og kom ut på ein lang og brei veg. No høyrde ho på ny det ramla så svært. Ka kunne dette vere, tenkte ho. Då såg ho der langt borte Mørkedalsmannen kom køyrande med ein mørkeblå hest. Vogna han hadde var glinsande fin. Ho stansa og helsa og bad om å få komme ut av Mørkedalen.

«Nei,» sa Mørkedalsmannen.

No skulle ho komme og vere med til gjestebod. For no skulle han og Reppekongen dele Bjønndalsoksen som han hadde teke frå Bjønndalsfolket. Oksen var festa i eit tau etter vogna. Han stritta på tauet, rauta og ville ikkje gå. Tauet var av koppar. Reppekongen budde under Stakkstøhellaren. Der var ein stor open plass. Der skulle dei dele Bjønndalsoksen. Dei skulle dele oksen midt i to. Men så vart dei usamde om kem skulle ha atterparten. Så bar det i hop med dei. Dei sloss så jordfokket stod himmelhøgt. Flokkar av småtroll dansa og spratt rundt heile sletta. Slik trolldans hadde ho aldri sett før. Men midt under slosskampen mellom jotnane og villdansen mellom småtrolla passa ho hovet, sprang opp på okseryggen, gav Bjønndalsoksen eit spark, og oksen la i veg attende der han kom frå. Han visste vegen. Jenta, ho Ollava, så heitte ho, heldt seg fast i horna på oksen. Han fór som ein vind, så fort. Den eine døra etter den andre stanga han ned. Inn og ut, inn og ut bar det — i alle dei fine romma. Men etter oksen kom heile trollhopen i vill fart, med skrål og rop. No var jotnane samde. Oksen måtte dei ha. Men stopp, der stod steinlemmen framfor oksen og trollhopen var tett attføre. Då gjorde han eit byks, Bjønndalsoksen, imot steinlemmen, og lemmen rauk. Ho Ollava hadde full hyra med å halde seg fast. Reppekongen greip om rompa på Bjønndalsoksen. Han prøvde å halde han att. Bjønndalsoksen gjorde nåraut:

«Mø – – – Mø – -,» og rompa rauk.

Han hadde berre ei spelrompa att, men hadde berga seg. Då skratta det oppe i Himmeltindan frå Jura.

«Dokker sloss om boga og feite lår. Tilslutt dokker snauaste rompa får.»

Men Bjønndalsoksen hadde fått trollham. Han stod der han stod, trolla. Sola rann, og han storkna i stein. Trollstilla la seg over Mørkedalen. Trollfølget somna i berg og under hellar. Enno den dag i dag står Bjønndalsoksen storkna i stein oppe på Oksetinden og vérar mot Vestfjorden.

Ho Ollava berga seg frå trollhamen den dagen. Men ho vart som andre trolltekne jenter. Ho gjekk rundt og var ikkje seg sjølv meir. Kvar dag fór ho opp på steinar og haugar og reid. Ho kunne ikkje gjere seg fri frå minnet då ho reid på Bjønndalsoksen. Ein haust, natta til Mikkjelsmess, kom ho sporlaust vekk. Lenge etterpå fann dei restane av ho. Ho hadde grave seg inn i ei bergkløft oppe i fjellet. Den kløfta vart kalla opp etter ho, og heiter Ollavagjellet den dag i dag.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *