Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese Nils Olson Vindingstad

Då skogvarmen vart sløkt med brystmjølk

(Nils Olson Vindingstad kan gamalt)

I kring 1818 var det nokre karar som dreiv og brende kol i kring Gjeiteryggen. No vart det visst vind med dei dreiv med dette, og han førde varmen over åi, so det vart skogbrand. Lauselden fór fort vidt og breidt. Han åt seg soleis over stølslaget Købbeset. Der brann det upp 11 hus. Folk visste lenge ikkje si arme råd korleis dei skulde få stogga ska-elden. Men so kom dei på ei gamal råd. Det galdt so fort råd var, å få tak i ei eller fleire kjerringar som nett hadde født eit gutebarn, det fyrste barnet deira, og som difor hadde brystmjølk. Kunde dei få desse kjerringane til å mjølke på varmen, skulde han slokne straks. Dei fekk ogso tak i fleire, m. a. bestemor, ho Guri Vindingstad. Dei stelte seg til å mjelke på elden der han frasa mest. Og det er sagt at elden stana etter som dei mjølka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *