Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971


Da tjyveri-Jo busette seg i Beitstad


I dansketida var det ein mann, visstnok frå Gudbrandsdal, som busette seg i Opdahlsenget. Det var eit eng på fjellet opp for Jønnum. At han busette seg oppe i fjellet, syntes bygdefolket var mistenkelig, og meinte det var ein som hadde gjort noko brotsverk på eit eller anna vis. Dei ville forsøke å få han vekk, for dei var redd honom. Dei tala med lensmannen og den danske futen om å få hann vekk.

Dei kom og henta han ned frå fjellet, og kom da ned til vestre Jønnum. Då dei kom dit, vart lensmannen og futen innbedne på kaffi. Dei diskuterte da seg imellom om dei skulle taka med seg Jo (som mannen heitte) inn, eller gå frå han ute. Dei vart einige om å taka han med inn. Då spurte Jo om han skulle taka med seg tyveriet inn (det var eigedele som han hadde i ein sekk).

Etter dette vart mannen kalla Tjyveri-Jo.

Kvernå almenning går her langt ned i heimrøst, og det er fortald at bygdefolket lova almenningen området kring der Jo busette seg, viss dei kunne få han bort. Om det er noko i dette, veit ein ikkje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *