Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Dagsroren

Når husbonden tok drengen med i fisket, hadde drengen rett til «dagsror» i tillegg til drengelønna. Dagsroren skulle vere ein sjettepart av mannslotten. Dei ugifte sønene som budde heime og rodde med faren, kunne også få dagsror, altså ein sjettepart av mannslotten. Resten av lotten gjekk til faren som vederlag for hus, mat og flinad.
«Dagsroren minnes eg. Det skulle vere ein sjettepart av lotten. Det var ikkje god skikk å, forlate foreldra før ein Bette eige bu. Det vi tjente, gjekk til det felles hushaldet. Drengen kunne også ha dagsror attåt den faste lønna.»
(Reiert Rikardsen)

«Dagsroren var i bruk i min barndom. Det var ein sjettedel av lotten. Han far tok all min lott i dei første åra til eg blei «min eien». I den tida la eg omtrent alt ifrå meg, for han far hadde stor familie, og eg var eldst av gutane.»
(Bernhard Johansen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *