Kilde
OR GOMMOL TI (I)
ÆVUNTUR Å SEGNE Å STUBBA TAO VOSSASTROND’NE
Knut Bjørnaas
Andre utgave
Voss 1943
Utgjeve av folkeminnenemndi på Voss

Dai treao gjent'na å bergatrodle.

Da va trèao smaogjente so vò haima å skulde laga te mat mendù foreldræ vò te kjyrkje. I bergjæ burtante dar budde dar ait fælt stygt trodl, å naor dai hadde fengje kjøte pao panno, å helde pao å staikte da, so kom trodle å tok kjøte å for mè. Eldsta gjento sette te étte å vilde ha da attù.. «Kjøte mitt, kjøte mitt!» sa ho. Men trodle skrelte atte dørù. So gjekk'o burt å kakka påo.

«Ken è da?» sa trodle.
«D'è eg,» sa gjento.
«Kann du bryggja å baka å vera mi kòna?» sa trodle.
«Nai,» sa gjento.

So tok trodle hinne å sende hinne ni kjedlar'n sinn å let attù fy'ne.

Naor ho inkje kom attù, vò hina gjent'na aot buinne å fonne kjøt attù å te staikte. Men so kom trodle attù å tok då. Dao sette dan ara gjento étte å vilde ta da attù.

«Kjøte mitt, kjøte mitt!» sa ho.

Men trodle for in i bergje å slo attù døræ. Ho burt å kakka pao.

«Ken è da?» sa trodle.
«Da è eg,» sa gjento.
«Kann du bryggja å baka å vera mi kòna?» sa da.
«Nai», sa ho.

Damè tok trodle hinne å sende ni kjedlar'n.

Naor dan yngsta gjento saog attù hina komme kje ittù, so fann ho te kjøt attù å vilde te staikja. Nett so fjére du va komme pao ponno, so va trodle dar attù å tok du. Vetlagjento sette te étte. «Kjøte mitt, kjote mitt !» sa ho. Men trodle skunda seg herre in i bergjr å let attù étte seg. So gjekk ho burt å kakka pao.

«Ken è da?» sa trodle.
«D’è eg,» sa gjento.
«karm du bryggja å baka å vera mi kòna?» sa trodle.
«Ja,» sa ho.

So let trodle upp døræ å tok hinne in te seg, å so skuld'o ve hjao da.

Dagjinn étte gjekk trodle aot skogjæ, å ho skulde vè haima å laga te mat. Dao gjekk ho ni kjedlar'n, å dar fann ho baoa syst'na sina. So tok ho å stappa dai ni ain sekk. Naor trodle kom attù um kveld'n, so ba ho da bera dan sekkjinn haim te foreldro hinna. Å ja, trodle tok sekkjinn å for me'an. So tok ho ein kubb å velte uppi sengjæ å klædde klæ'æ si pao'an, å stelte da te so da va nett so ho sjøll skulde laie dar, å so sette ho te rymde haimattù. Fy trodle hadde gløymt te læsa døræ ette seg.

Naor trodle kom attù, saog da gjento i sengjinne, å gaodde kje te attù retta gjento va burte. So gjekk du burtaot sengjinne å skulde te leggja seg.

«Snu deg no, kòno mi !» sa da.

Å nai, ho ledde seg ikkje, berre snudde aot veggjæ.

«Snu deg no, kòno mi!» gaulte da å ruska mè'ne. Dao saog da attù da va herre ain kubb, so laog dar, å dao vatt da so sint attù da sprakk.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *