Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trtkk, 4480
1992
Klikk her for å lese ”Føreordet”


Danefallet i Lyngdalen

Grenseområdet mellom Lyngdal og Hægebostad kommunar er rikt på fornminne. Gravhaugane på Birkeland synest godt, og er talrike. Ærenes-steinen med sin steinalderbuplass ruver og godt i terrenget. Både på Gys-land og Birkeland er der synlige merke etter jernbrenningjordfunn og stadnamn fortel interessante soger. Borgåsen er eit minne frå folkevan¬dringstida då trulig ein høg, lys, nordisk folkerase måtte verje seg mot inntrengjarane, som var lågare og mørkare, men ikkje mindre djerve. Alle er vi meir eller mindre eit resultat av denne invasjonen og den derpå fylgjande raseblandinga.

Kjem du oppover dalen og stoggar ved brua over til Birkeland i Kvås, kan du sjå ein rund ås midt i dalen mot nord: Skoptåsen. Dalevegen går nå i runding vest for Skoptåsen, og råker nord om åsen på skiftesteinen Kvås/Hægebostad. Slik gjekk ikkje vegen i eldre tider. Då gjekk han mellom Skoptåsen og Trealia (austheia). Her er Danefallet. Der er det synlige merke etter to «veg-generasjonar». Den eldste synest omtrent som ei greft i skogbotnen, og har nok for det meste gjort seg sjølv.

Sagnet fortel at ein dansk fut var på veg opp dalen med sveinane sine. Det nærma seg trulig kvelden, for dei slo leir i Flesk-kleiva aust for den nåverande dalevegen, mellom Birkelands-Lunnen og Kvås-Fidjan. Dei vadde over elva til Birkeland, der ingen mannfolk var heime, og stal ein gris som dei slakta og steikte i leiren. Difor namnet: Fleskkleiva. Morgonen etter starta ferda vidare nord gjennom dalen. Men dei kom ikkje lenger enn ca ein og ein halv km før bondeflokken var over dei. Her blei dei fleste danskane drepne, men nokre prøvde å røme ut dalen. Den som rakk lengst, kom til Veggja. Der han blei drepen, vart sett opp ein stein, som seinare gjekk under namnet: Hobmannshatten. Diverre er steinen fjerna under vegarbeid. (Hobmann/hoffmann).

Ved dalevegen utanfor ungdomshuset i Kvås står «Sigershella». Ein versjon av sagnet vil ha det til at i denne steinen hogg bøndene eitt øksehogg for kvar fallen danske. Der synest 12-14 meir eller mindre tydelige innhogg i steinen.

Overfallet ser ut til å ha vore sers godt planlagt. Det seiest at grupper av bønder var plassert ute i dalen for å hindre at noken slapp vekk levande. Trulig hadde danskane gode hestar, og det ville vore vanskelig å innhente dei, dersom det ikkje var ordna på denne måten. Ein 80 år gammal Kvåsmann fortalde etter sin far at der møtte folk ovantil dalen, både kvin¬ner og menn, heilt frå Eiken. Somme hadde ljåar fastbundne på staurar til våpen. Ved sjølve overfallet seiest det at der var plassert bogeskyttarar både aust i Trealia og vest i Skoptåsen. Då kan nok pilane ha falle tett på vegen som går der i mellom . Gamle folk har fortalt om pilar som er funne i gamle tre her.

Ein kan undrast over kor godt alt synest å ha klaffa for bøndene. Då er det kanskje mest nærliggjande å tru på tradisjonen om at dette var ein straffeekspedisjon for manglande vilje til skattebetaling. Unggutar på raske hestar har nok sprengridd med bod mellom gardane, både ut og opp dalen.

Er det så trulig at det ligg historiske fakta bak dette sagnet? Både sagn og stadnamn tyder på dette. For det første: Namnet Danefallet fortel at «danar» har falle her. Leirplassen, Fleskkleiva, og røvinga av grisen fell inn i eit naturlig mønster for framferda til ein herflokk som ikkje var velkomen. Hobmann/hobdegast har til nylig blitt bruka som dialektuttrykk for ein som dreiv med slåsting og uvyrde kjeftbruk.

Tilhøve som og styrkjer trua på sanningsgehalten i sagnet, er at i eit utskiftingsdokoment frå 1850 åra er namnet Hobmannsberget bruka om ein fjellknatt i vegkanten ca 500 m nord for Danefallet. På Vemestad (ca 7 km lenger ute i dalen) er der ein plass som blir kalla «Futegrava».

Ein tur i terrenget vil vise at ingen ting motseier sagnet. Som vi før har vore inne på, så ligg natteleiren ca 1,5 km sør for Danefallet. Opp dit er ei nokså slak stigning før ein når toppen av Danefallet, og så er vegen brattare ned att på nordsida.

Her kunne bøndene samlast usett, og førebu den blodige morgondagen. Naturen har lagt alt til rette. Når vegen hallar ned att mot nord, er der mengder av store steinar og hellarar. Eg vil tru at her var lagligaste staden å slå til, så var der ein motbakke som hindra dei som ville røme sør over att, og mot nord går den storsteina Jysurå like til elva. Bare vegen kronglar seg fram i elvekanten. Der ligg Hobmansberget. Kanskje har ein danske slege seg gjennom og rokke hit, men ikkje lenger?

Dei som rømde sørover att hadde opnare terreng, dersom dei slapp framom bogeskyttarane. Så kunne ein for ein bli plukka opp av bønder som låg i bakhald på laglige plassar utover i dalen.Hogga i Sigerhella kan godt ha blitt til i sigersrusen då bøndene møttest att midtvegs mellom Danefallet og Veggja. Kan der ha vore gull å dele? Kven veit? Gulisletta ligg like før oppstigninga til Danefallet frå sør. Her går og eit gammalt va over elva til Birkeland.

På Danefallet er der eit område omtrent så stort som eit stovegolv, der det ligg spreidd småsteinar oppå jorda. Kan løysinga på gåta liggje her? Eller i futegrava? Trulig vil ein aldri finne sikker løysing, men det er lov å gisse.

Dei munnlege overleveringane gjer at hendinga må tidfestast til den tida Noreg var i samband med Danmark. Svartedauen hadde redusert fol¬ketalet med 1/3 i landet vårt i år 1350. Fåtallige og veike som vi då var, kom vi under Danmark 50 år seinare. Den aktuelle tida for hendinga kan vera frå ca år 1400 til ca år 1800. Dei to siste av desse århundra kan ein trulig sjå vekk frå. Tilhøva då var ikkje så lovlause, og ein ville funne klårgjerande stoff i danske eller norske arkiv. Det einaste måtte vere «Hobdegastar» frå prins Christian sine skip: «Victor», «Postiljonen» og «Lindormen» som låg oppankra ved Farsund i fem veker frå 11. oktober 1627.

Prins Christian hadde leia tilbaketoget for hæren sin nordover i Jylland der danskane var slått av Tilly og Wallenstein. Om framferda til hæren heiter det i ei innberetning til kong Christian 5. at troppene hadde ,‹ved deres uhørlige og ukristelige tyranni, røveri, plyndring, skjending og brending fordervet Jylland. En del av bøndene ihjelslått, og en del fra hus og hjem fordrevet. Ektemenns hustruer og døtre i mennenes påsyn voldtatt. — — sig således forholdt, som våre argeste fiender ikke kunne gjort verre.» Sitat slutt.

Under røming i Jylland hadde prinsen brote foten. Dette var nok grunnen tilat han heldt seg rolig i Farsund frå 11. oktober til 15. november. Men ein må vel tru at skulle hendinga tidfestast til prinsebesøket, så ville der og vere fleire historiske fakta å halde seg til når der er nedskrive endåtil kor mange sauer (48) som blei drivne «seks mil i omtrent ufremkommelig terreng» frå Hægebostad og Eiken. Desse sauene kom rett nok for seint fram til å hamne i prinsegryta. Han var alt reist tilbake til Danmark.

Farsund var ingen stor by i 1627. Der var bare fem hus ved Farsundet, og prinsehæren hadde tråla sjøbygdene frå Egersund til Mandal på jakt etter mat — og særlig øl, i dei fem vekene før foten grodde til att.

Mest trulig er det at sagnet om Danefallet skriv seg frå 1400 talet. Då var det misnøye med skattlegginga og bondeoppstandar både austanfor og vestanfor (bl. a. Hallvard Gråtopp i Telemark i åra 1436-1439).

Når sagnet fortel at folk møtte fram frå nær sagt heile øvre Lyngdalen, så må ein ha klårt for seg kor lite folk her var i denne tida. Nemningane «hobmann» og «fut» bør ein vel og ta med ei klype salt. Tradisjonen kan endrast i takt med synet på kven som er styggaste ulven i flokken. Slike sagn plar likevel mest alltid ha ein kjerne av sanning i seg. Når og korleis alt har gått for seg, blir vel aldri heilt fastslege. Men ein ting er sikkert: Når dølane kjende seg urettvist handsama med skattar og røving, då slipte dei øksene og stod saman mot den ytre fienden, sjølv om dei elles ikkje alltid var så samde i bygd og grannelag.

Skriftlige kjelder:
Agder historielag, årsskrift nr. 48. øverås og Midtgård: Norges historie. Sigurd Eikeland: Fra istid til nåtid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *