Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Daudingar paa Karmøy

Far min fortalde at han hadde set daudingar tri gonger, so han var viss paa at dei var til, sa han. Ein gong daa han var liten, var han i ei likferd paa Hindaraaker; det var ei ga-mall kona der paa garden som dei hadde fylgt til jordi. Um natti etter likferdi laag han i budi, og best som det daa var, kom den kono som var nedgrevi,. inn gjenom vindauga; ho hadde tendt ljos i handi og han kunde ikkje skyna at ho lét upp glaset.

Millom glaset og sengi stod det tri klædekistor. Kjerringi lét fyrst upp den kista som stod nærast glaset, og gav seg til aa rydja. Sidan lét ho upp den som stod i midten, og daa ho hadde rudt i den eit bil, kom ho aat den som stod nærast sengi. Daa vart han redd og breidde sengjaklædi yver hovudet, so han saag ikkje kva ho tok seg fyre. Sidan daa han vaaga seg til aa glytta upp, daa saag han ho fór ut gjenom glaset paa same staden som ho hadde kome inn. Ljoset hadde ho i handi, og han saag henne klaart og kunde vel kjenna henne. Men daa kunde han heller ikkje skyna at glaset vart opna.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *