Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

De kunne trolle og setta vondt på krøttera…

Johan og enda meir a Kari Torsrud hadde ord på seg for at de kunne trolle og setta vondt på krøttera bortetter; men folk sa au det, at de kunne gjøra åt for sjuker som andre hadde sett på dyra. Ein de kalte Fugl-Nissen borte frå Fugltjernet hadde ein gong sett vondt på ein gris. Men så kom a Kari Torsrud dit, og ho gjorde grisen god att på timen.

Om Johan fortel elles folk at han var svær til å ta fisken. Trulig kjente han de gode fiskeplassa i Høljulen, og visste rette tida og været som skulle til. Men folk trudde han kunne få fisken til å bite hå tid han ville. — Noe anna merkelig var det au med’n. Han kunne t. eks. setta lua si opp til blink, og hokken som ville fekk skute på a, men du var fri for at noen råkte a.

(Edv. Torsrud og andre)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *