Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Dei andre lånte tenger, syl og hammer

Han Enars-Jørn var skomakar på Røros. Det var sist på 1800-talet og han for frå gard til gard og frå hus til hus med verktykista si.

Rett som det var kunne ein syl, ei tong eller ein hammer bli borte på benken. Skomakeren hadde nett hatt tingen i handa – men borte vart han.

Han Jørn gjorde ikkje så mykje vesen av det, beit seg ei dugeleg skrå, togg og såg seg ikring.

–    ”Døm ha fil lånt det tå mi, kjem fil att med di når døm ha bruka det frå si,” sa han Jørn.

Og alt kom att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *