Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Dei døde – Då madam Tommesen låg på likstrå…

Nei, det er ikkje fagna å forarga seg på dei som ikkje meir høyrer denne verda til. Det fekk dei illa røyna tre syskin utpå Dverset (Saltdal). Det var då madam Tommesen låg på likstrå. So hadde desse ungdomane fare frammed huset der liket låg, og bore seg so uvisleg åt. Dei døndra i veggen og ropa inn.

«Du må no sjå tel å kom de opp å på rakarmarkja, å inkj ligg dar å lat de!»

Ja, dette var no i tankeløysa gjort, som du forstår; men dei kom til å få svi for det. Heile hausten og vinteren frametter vart dei gangande som andre tomsingar. Um vekja er det sagt at ho batt ikkje meir enn ei spann på bundingen sin frå nyåret og til vårsmøss. Og gluntane på same måten; dei gjorde ikkje rett for maten, dessmeir.

So tok mora vekja med seg og reiste åt henne Lapp-Anna. Ditett kom dei ein kveld. Og straks ho Anna hadde fått spurt ut vekja, tok ho i ferd med henne. Og då ho hadde arbeidt med henne ei økt, lova ho å gjera so mykje at ho skulde få sova skikkeleg um natta.

Seinare på kvelden kom dei hit åt oss for å liggja; for ho Anna hadde berre denne gammen, ho, det eg før har sagt. Ja fyrst det vart morgonen, for vekja baker; ho var tilsagd å koma dit før ho smakte noko. Og attpå denne andre turen vart vekja ei anna; so innan kort tid var ho med si fulle framferd att. Seinare var dei og henta ho Anna til Dverset åt gluntane.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *