Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Dei døde – Eiler fekk ei bra påminning ein gong…

Eg hadde ei tid ein dreng som heitte Eiler. Han fekk ei bra påminning ein gong. Vi låg med reinen i Harrodalen. Og ein dag på vinteren var vi reisande til Rusånes å handla. So skulde eg og kjerringa ein tur å sjå til heime; og alt medan sette vi drengen til å vera baker i gammen å ha tilsyn der.

No er det ein stor stein øvst i Harrodalen, Klokk-Monssteinen dei kallar. Innpuinn den fanst det eit beinrangel. Det var ein som var heitande Klokk-Mons, som hadde gått klar der.

No skal du høyra. Um kvelden med vi var nede, hadde min godeste Eiler runne til steinen og berga med seg nokre bein. Kva han no skulde ha dei til. For so baker til gammen og la seg. Men på natta vektest han upp av noko som røska i han, og før han rett visste av det, var han komen i snøskavlen utum gamdøra. Ja, han krau seg inn att, men var ikkje før komen til ro, for det tådde i han att å nyo. Fekk so same hemsingen ein til gong. Men då baud han seg ikkje til oftare; han var og trædde på seg fotklean og rømde derifrå. So i firetida på morgonen kom han ned til Stormoen; han var då i berre underbuksa, fri for huve og fri for vottar.

Um morgonen tok eg han med baker til gammen. So let eg han få ein 10-øre, og denne truga eg han til å bera åt steinen.

For det er ikkje onnor råd i slike høve, ein lyt leggja sylv til vederlag for bein ein tek (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *