Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Dei døde – Ein kunde koma til å forarga seg på dei døde…

Elles kunde ein no koma til å forarga seg på dei døde utan so ein sjølv visste av det.

Det var tilfellet med ho Johanna Hanst i Skipmannvik (Saltdal). Ho kom heim frå eit brudlaup og var so fortulla ho såg folk kvar ho gjekk og stod. Og endå det meste var det ho ikkje vart kvitt dei um næt’n heller; og det gjekk ei lang tid so ho ikkje smakte svevn. Eg må saktens vita kva verde ho var i; for eg tente der i dei dagar. Og eg kan inkje sei kor eg syntes åt vera for ho matmor; for so snildt eit menneske som ho Johanna Hanst fekk du leita lenge etter.

Ja, då vi såg det ikkje vilde gang over, forstod vi det laut noko gjerast. So vart eg skikka i veg åt henne Pe-JonsaJohanna. Ditett kom eg ein kveld, og so bar det til å grei ut kor ho matmor hadde det. Eg minnst det ho Johanna vilde ha å vita um ho matmor hadde tala nedsetjande um nokon som var død, eller hadde gjort noko anna som kunde vera til fornerming for dei døde. Men eg visste ikkje so mykje å svara, og ikkje visste nokon annan kor dette høvde til, som sagt. Eg vart no liggjande der natta over. Ho reidde upp åt meg i stua, og dentid det var sengtid, sa ho: «E vel helst du skal ligg her åleina. Du e vel inkj slik du e redd av de?» No veit du eg hadde bra umot å ligg der åleine; men eg kom meg ikkje til å seia nei heller.

Eg kom no til å bli liggjande lenge frametter vaken; for eg var noko ygg, som eg seier. So marka eg det tok til å bli ei slags ,dunsing utkring veggen; kvartetter auka det på, og då det var på det meste, var det å høyra til som nokon strauk frammed stueveggen med eit rislass; det spraka og slo mot tøm-ringa, attåt denne dunsinga eg før har tala um. Men dette tok snart slutt, og noko anna fekk ikkje eg høyra på heile natta.

Um morgonen, dentid eg skulde fara, gav ho Johanna meg ei flaske med noko i; denne skulde eg gje ho matmor, sa ho. «Men du få inkj legg de a’ på vegjen.» Ja, dette retta eg meg etter. Eg kom til Vik so i kveldinga; men var då so trøytt og avbaska eg laut få han far til å ro meg åt Daumannselva. So eg nådde Skipmannvik innan det var sengtid.

Og ho Johanna kom til å få hjelp av denne kuren som var på flaska.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *