Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Dei døde – Før liket var kome i jorda…

Før liket var kome i jorda, skulde ein ikkje tala nedsetjande um den døde.

Det var ein som var komen på likstrå. Han hadde i alle sine dagar vore kleinvoren og lite tess. So var det ein av grannane som var komen dit for å sjå liket, som skikken var. No veit du kor det er i slike høve, når ein slik stakkar er sloppen, ein tenkjer som so, det var det beste som kunde henda. Og denne grannekallen han både tenkte og sa det: «Datte va ein sælbotsdø,» sa han.

Men det hemnde seg. Mannen vart tullåt kort tid deretter (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *